Innledning Hardangervidda N-Nordmannsslepa Bispeveien Måbødalen Ustedalen Vardene Mine publikasjoner Avisutklipp Kart

(Elektronisk utgave av en bok publisert i 1993 med støtte fra Eidfjord kommune. Ettertrykk forbudt uten kildehengivelse)

Forord

 

            Vegar har alltid oppteke eidfjordingen. Naturleg nok, slik Våherre har plassert han på nokre jordlappar mellom høgfjell og fjord. Eit isolert samfunn i gamle dagar. Ein tur til ”bydn” var dagevis i båt, og skulle eidfordingen over fjellet til ”austmennene” så tok turen heile sumaren, men då rettnok med fedrift. På gamle ferdslevegar.

            Tida gjekk og nye vegar kom. Vegar opp Måbødalen var reine ingeniør-kunstverk, og i tur og orden vart dei verneverdige etter som utviklinga gjekk fram og veg med asfalt og gul stripe vart standardkravet. Det vart kjøyrande veg over Vidda, veg langs fjord og ferje over fjord. Ei utvikling steg for steg mot ei ny tid.

            Det er eidfjordingen si von at utviklinga mot lettare samkvem mellom landsdeler og grannar vil halda fram. Men i våre vyer for framtida er det viktig at me ikkje gløymer fortida. Det er derfor viktig å ta vare på det som rimelig kan takast vare på av våre fysiske minnesmerke av samferdslesoga. Like viktig er det å ta vare på dei vegminne som etterkvart er vorte gløymde og gøymde for folk flest, men som enno kan skaffast fram gjennom mange ulike kjelder.

            Boka om gamle ferdsle vegar i Eidfjord er eit viktig og godt bidrag i så måte.

 

Med helsing

Samson Instanes

Ordfører i Eidfjord kommune

 

 

GAMLE FERDSLEVEGAR FRÅ EIDFJORD OVER HARDANGERVIDDA

 Av Per Bremnes

 

"Bønderne kalle bygden for Øyfjord d.e. Ødefjord"

 

            Måbødalen er ein svingete, nærast V-forma elvedal med ein dalbotn som endar i Måbøberget. Her ligg Måbø gard. Vidare innover er dalen ikkje stort breiare enn sjølve elva, og langs elva kan ein følgja ein sti. Dalen endar brått ved Vørings­fossen.

            Så udramatisk og i så korte trekk kan ein fortelja om Måbødalen - denne dalen med så mykje dramatikk at det kan ta pusten frå nokon kvar. Dalen ligg i Eidfjord, eit lite samfunn inst i Hardangerfjorden.

 

            "Om Eidfjords fortids historie indeholdes der kun yde­rst lite i Krafts Norges Beskrivelse, og heller ikke senere end ved dette verk udkom, 1829, er man bleven rigere i saa hen­seende. Dette hænger uden tvil sammen med, at de to mænd, stiftamtmann Christie og biskop Neumann, som har givet saa mange oplysninger om de fleste andre steder i Bergens Stift, ikke nogensinde vare i Eidfjord, i alle fall ikke har efter­ladt sig optegnelser derom ... Bønderne kalle bygden Øyfjord eller Ødefjord, og støtte sig her til et sagn, som forteller at sognet blev folketomt i den store mandedød. Det siste er vistnok ikke urimeligt, men i selve sagnet ligger jo at bygden havde mennesker før pesten og følgelig ogsaa et eget navn. Dette var, som man kan se af diplomer ældre end 1350, Eid­fjord".

 

            Dette avsnittet er henta frå årsmeldinga av 1860 for "Norske Fortids­minnesmerkers Forening". Ja, sålei skildra ein Eidfjord den gongen. Annleis er det i dag.

            Eidfjord er med dei 1.080 ibuarne sine (pr. jan. 1993) ingen stor kommune. Den samla flatevidda er 1.550 km2. Det meste av arealet ligg høgt tilfjells, berre 1,5% ligg lægre enn 150 m.o.h. Dette er bakgrunnen til at eid­fjordsfolk har hatt - og har - kjensla av å høyra nær saman med fjel­let, både for fritid og næring. Jordbruk og turist­næring har vore grunn­lag for vokster i bygda, men kraftutbyg­ging og of­fentlig næring har og vorte ein vikti­gare og viktigare del av syssel­settinga.

            Frå Eidfjord fører riksveg 7 over Hardangervidda til kommunen Hol i Hal­lingdal, og vidare austetter. Vegen vart full­førd over Har­dan­ger­vidda fram til Haugastøl i 1928. Om vinteren er han ofte stengd på grunn av uver mellom Storlidi i Sysendalen og Haugastøl i Hallingdal.

            Knapt nokon stad på Vestlandet kan syna slike kon­traster i landskapet som dei ein ser i Eidfjord. Årsaken er isen som rådde grunnen for omlag 10000 år sidan. Då han vart borte, etterlet han seg eit landskap som var rikt på endelause variasjoner, frå den store fjellvidda som heiter Hardanger­vidda, til dei frodi­ge fjelldalane ved navn Bjoreidalen - eigenlig Bjoreiddalen - og Veigdalen, til brat­te, tronge og ville dalar som Måbøda­len og Hjølmadalen. Det er i de sistnemde dalføra du finn Vøring­sfossen og Valurfos­sen. Simadalen ligg og i Eid­fjord. Her finn me Kjeå­sen, fjell­garden som ligg lik eit ørnereir 600 m over Simadals­fjor­den.

            Tenk deg kva for enorme krefter som har sprengt seg frem og etterlate seg denne maktfulle natura i dalføra i Eid­fjord. Der finn du huler og grotter som var bustader i farne tider. Ja, sjå i røysane som ligg ved gamlevegen andsynes Måbø gård. Kik inn i dei naturlige holene i den store stein­røysa, og lat fantasien få strøyma fritt!

            Dei moderne holene og grottene du finn i dag - så som til dømes Sima kraftverk og tunnelane i Måbødalen - er laga av andre krefter. I dag har høgteknologi og maskiner trengt seg gjennom det massive fjellet.

            I Måbødalen ligg Måbødalen kulturlandskapsmuseum, som m. a. viser vegbygging frå ikr. år 1500 og fram til i dag. Eidfjord har frå gamalt av hatt nære samband austetter - med gamle ferdsleveger over Vidda både til Hal­lingdal, Numedal og Kongsberg. Fleire store ferdselveger - av dei eldste melom aust og vest - som t.d. den Store Nordmannsslepa, den Nordre Nordmannsslepa og den vidgjetne bispevegen ligg i og gjennom Eidfjord kommune. Frå Eidfjord - gjennom Hjølmadalen fram til Hadlaskard går det ei sideslepe av den Søre Nordmannsslepa, som òg vert kalla den eigenlege Nordmannsslepa.


"... it field heder vijd"

 

            Hardanger­vidda er det største høgfjell­splatået i Euro­pa. I 1595 vert ho omtala av biskop Jens Nilssøn som "it Field heder Vijd", d.e. "vidda". Men to diplom eller brev frå 1483 brukar og same namnet. I fyrstninga av 1600 talet vert ho omtala som "Halnefjeld".

   Over Har­dangervidda har det vore ferds­le i fleire tusen år. Dei fyrste som trakka veg var reinsdyr og veidemenn, kanskje alt for 8500 år sidan. Under­lig er det å tenke på at dagens stier over vidda ikke fraviker i særlig grad fra fortidens. Ja, selv bil­vege­ne over vidda følger grovt sett stiene som har lagt der fra eldgammel tid.      

            Det var fyrst omkring 1600-1700 at drifte­vegane kom, men trolig var det driftetrafikk helt tilbake til år 1050. Støls­ve­gane var like gamle som jordbruket i bygdene kring vidda. I eldre tider vart det gått opp vegar mellom dei ymse byg­delaga rundt Har­danger­vidda, og dess­utan mellom aust og vest. Mange av desse vegane gjekk i hop oppe på fjel­let, og det laga seg særle­ge sleper eller traséar. Kva for ei av dei som var mest i bruk, er det van­skeleg å seia noko visst om. Størst trafikk hadde slepa fra 1600 tallet og frem til 1900 tallet.

            Drifteve­gane gjekk opp frå nesten kvar bygd og grend. Utan­bygds folk - som til dømes vossinger - brukte vegen frå Ringøy om Dalamot til Had­laskard og den Sørle­ge Nord­manns­slepa i nokon mon. Frå Ytre Bu førde og ein drifteveg austetter. Det vert fortalt at føringsbåtane kom frå Ulvik og la til ved Kro­kastø - naustplassen til Indre Bu.

            Frå Storabrekko drog driftene opp til Mjøsstølshaugan, Leite og stølsvegen opp Ytre-Bu lida. Sidan gjekk vegen til Dalamot og over Austmannaleitet videre innetter Hardangervidda. Namn som Driftavegen og Driftahaugen for­tel om drifteferdsla her.

            Alle lokale vegar for eid­fjord­folk mot Nord­manns­lågen gjekk anten over Steins­støl og Dyres­minnet eller over Rjoto og gjennom Eldfyre­min­net. Eldfyreminnet ligg mellom Låghel­lernu­ten og Læg­reidsnu­ten. Mellom aust og vest var den korta­ste vegen over fjel­let mest nytta. Bi­speve­gen, d.e. vegen som stavanger­biskopen reiste når han drog på visitas til Hal­lingdal og Valdr­es, er eit døme på det.

            For turvandrarar på Hardangervidda er dei tre Nordman­ns­slepene vel kjende. Mindre kjend er det at den Sørlege Nord­mannsslepa hadde utgangsstaden sin ved Heimsta Hadla­skard, og at den Nordlige Nordmannsslepa hadde sitt utgangspunkt ved stølen Særebakken i Bjoreidalen. Minst kjend er det at den Store Nordmannsslepa ikkje hadde vegen sin om Måbø­berget og Maurset. Og hvem visste at vegen som stavangerbiskopen brukte over Har­danger­vidda byrja i Eidfjord. Bi­speve­gen gjekk noko over den Store Nordmanns­slepa og noko over den Nordre Nordmannssle­pa. Tid­legare teoriar om ein bispeveg om Etne via Røldal og over de mest strabasiøse områdene på den sørvestlige del av Hardangervid­da er ikkje rett. Teorier om ei Nordmanns­slepa i de såkalte Måbø­galda­ne, videre til Maurset og Løkjafeti er heller ikkje rett.

            Medan ferdsla på sørvest­vidda stort sett gjekk frå vest, var ferdsla på nord­vestvidda frå aust. Kjennetei­knande for dette er stadnamna Hardingslepa frå vest og Aust­mannave­gen frå aust. Begge vegane ligg grovt sett på kvart sitt ytre punkt. Har­dings­lepa går opp på vidda innerst i Sørfjor­den og Aust­manna­vegen går til fjells innerst i Simadals­fjorden.

            Gjennom mi tid som turleiar i fjellet har eg fått mange spørs­mål om historie. Kunn­skap om området og dessutan ei praktfull natur er med på å gjera fjell­vandringane levande. Men den kunnskapen som vert sett fram, bør så mykje som råd er, vera rett.

            For å skjøna ferdslevegane i fjellet må ein skilja mel­lom ferdsla frå det austlege til det vest­lege Noreg, vegar til veide- og fiskeområda og støls- og drif­teve­gar. Som ein ser, er det her vegar med ymse bruksområ­de. Vei­desti­gane må, som nemnt i innlei­inga, vera dei eldste, men vegane mellom aust og vest og likeeins stølsvegane er frå eldre tider langt bakom dei me har skriftlege kjelder frå.

            Drifteve­gane er nok nyare, men dei fanst i alle fall på andre halv­parten av 1600 talet. Dei eldste skrift­festingar på stølar har me frå tidleg 1600 tal, men me må ikkje lata oss villeia av skor­ten på skriftlege doku­ment. Arkeologisk og etnolo­gisk gran­sking viser at støls­bruket på Vidda er like gamalt som jord­bruket i dalane og ved fjordane i gran­nelaget til Vidda.

            Mellom dei fyrste stølane i Hardanger som er nemnde i doku­ment, er dei til Helland og Opedal. Det heiter i eit brev frå tidleg på 1600 talet at desse gardane "haffue 5 Mile til Setters om Somme­ren". Truleg er dette stølane ved Ope­sjovat­net. Desse støla­ne forlet Opedal i 1650 og flytte til Finnabu. I 1642 vert Gryting, Grøndal og Stavalid nemn­de. Det var truleg i 1660 at nedre- og midt Sekse flytte frå Munkabu til Kvanna­bakkane som ligg omlag 1 1/2 km sørvest for Insta Hadlaskard. I 1723-matrik­kelen er alle Sekse-bruka samla der, og fleire stølar vert omtala utan namn.

            O. Olafsen nemner at stølar som må vera eldre enn 1723, er Skinnhovda, Gravdal, Naserna, Helna­berg, Dalamot, Vat­naset, Vivheller og Skuggabjørg. Av Eid­fjordstø­lar nemner han Vedal, Fivlingen, Berastøl, Fljodal og Steins­støl.

            Når stølane vart tekne i bruk, er vanskeleg å seia. Heimsta Hadlaskard vert omtala i ein "Contract af 30. May 1766". Men stølen er nok mykje eldre enn dette. Det må nemnast at der som  Hadlaskard turisthytte ligg, heiter det Insta Hadla­skard. Eit anna namn på denne stølen er Braka­fiti.

            Rundt 1720-1730 kjem stølane i Bjoreidalen. Nokre år seinare kjem Kjelde­dalen med Smyttestø­len. Av stølar i Bjorei­dalen skal nemnes: Vamb­heimstølen ved Våkåvadet. Ved Særebak­ken ligg ein støl ved same namnet. Tidlegare vart han kalla Åmund­lund. Lengre nede mot Våkåva­det ligg Grjoto som tid­legare heitte Endre­lund. Rett i mot Særebakken ligg Larsi­lund og ved Rinden (Nybu) låg Svei­nungstøl. Og så Agast­ølen, som eigenleg ikkje heiter det. Det rette namnet er Johannesstø­len. Stølen høyrde frå fyrst av til gården Sæbø i Eidfjord før han over i eige til Agafamilien. No er han for lenge sidan komen attende til Eidfjord.

            Det kan synast som at stølsbruket har vore sers viktig for Eid­fjord. Store deler av kommunen ligg på Hardanger­vidda og har godt beiteslende, og stølar hadde dei fleste gardene fleire av. Det var ikkje uvanleg at gardene hadde både vår- og sumarstøler. Vårstølane vart kalla hei­mestøl eller liastøl. Det var kort veg opp til dei fra gardstunet. Til vanlen gjekk budeia opp om kvel­den, mjølka og neste morgon etter at ho hadde mjølka morgonmåletn. Eggjastølene kom seinare. Dei lå oppe på sjølve fjell­eg­gi. Tilslutt kom ein inn på sjølve vidda, og så kom lang­stølene.

            Ein kan sjå støler med vegger som er heilt i stand, men uten tak eller rester av tak - og ein kan undra seg over det. Kva er det som har hendt? Har dei slutta å bygja før enn selet stod ferdig, eller er det andre forklåringer? Forklåringen i dei fleste tilfelle kan være at stølen vert fråflytt fordi han vart utan ved. Ysting og koking kravde store mengder ved, og når det så vart snaudt for ved kringom stølen, tok dei taket av selet som sperr og anna trevyrke og flytta til eit anna område der det fanst ved. som sperr og annet trevirke - ned og flyttet til et område hvor en fant ved. Der hadde dei i god tid satt opp murer til nytt sel. Taket på den tidlegare stølen tok dei med og brukte på den nye stølen. Den fråflytte stølen fekk dermed liggja i fred, slik at kratt fekk vokse til att. Måbø gard flytte på viset mellom tre støler.

            En støl i Kvamsdalen i Eidfjord kan vera eldre enn dei stølane som no er nemnde. Det er vår­stølen til prestegarden   Lægreid. Han låg i Kvamsdalen, ein dal som går opp frå Eid­fjord­vatnet. Murene til stølen står den dag i dag. Gjennom Kvamsdalen gjekk òg ein lite kjend veg til øvre Eidfjord, den vegen som vart kalla Borgi.

            Ei form for ferdsle er turisttrafik­ken. Den fyrste hytta som DNT har ansvaret for, vart lagd til Krekja i 1879. Denne ferdsla har gjort sitt til at einskilde deler av slepene er vortne haldne ved­like opp gjennom åra, som i områdene ved Sandhaug, ved Stigstuv, ved Halne og ved Bjoreidalshytten.

            Eit av dei viktigste momen­ta då slepene vart lagde, var  reinsdyrstrek­ka. Det var naturleg at dei fyrste vegane vart  lagde etter dei. Med bakgrunn i ein artikkel om dyre­gra­vene på Hardangervidda av Ø. Bakke, og kartet over dei, ser me at leia på trekka har vore, og er framleis i store deler, den same som på hovudslepene. Eg hadde nær sagt at det må vera sjølvsagt. Veide­mennene i før­historisk tid var då dei fyrste vandrarane, og sei­nare generasjonar har fylgt i deira fotefar.

            Det er sannsyn­leg at austmenn trengde fyrst inn på Har­dan­ger­vidda, - som veide­menn. Det er dei topogra­fiske til­høva som mest talar for dette. Vegvalet på vestsida var utan tvil det vanskelegaste. Det er få stader ein kan gå opp på vidda frå vest
Kva betyr slepe i Nordmannsslepe

                 

            Det har vore hevda at ordet slepe kan forklårast språk­leg etter eit køyrety som heiter det same. Men dette er gale. Det finst ikkje noko slikt køyrety. Derimot finst det draginn­ret­nin­gar, som ein slepte etter seg. Desse såkalla draga eller drògene vart gjerne bruka til tømmer- og an­nan ­transport nede i bygdene, og då over nokså korte strek­nin­gar. Dette er det tradi­sjon om både i Numedal og i Hardan­ger. Men over Hardan­gervidda var slike drag­reidskapar ubru­ke­lege. Dette er sjølv­klårt for alle som har noko kjennskap til vidda og dei krev­jande og van­skelege opp- og ned­stigin­gane.

           

            "Like frå dei eldste tider har har ein stor del av folk på Aust­landet kjent det som lettast og natur­legast å søke samkvem med folk på Vestlandet over fjellet ... I urdar og ulende la dei steinar til rettes, og i aller brattaste kneika­ne laga dei gjerne eit slag steintropper. Men det var aldri tala om anna enn å gå eller rida, og kløvja varene på heste­ryggen"

 

             Dette fortel Kjell Midttun i ein artikkel frå 1940, om "Fjell­marknaden og handelen mellom austland og vestland i gamal tid.

            Ordet "slepe" er framleis i bruk både i Numedal og i Hardan­ger. Det tyder spor etter dyr og/eller menneske. Spor etter kyr vert i Numedal kalla "krøtersle­pe". Ein jeger vil snakka om "reins­dyrslepe", og for ein skogsarbeidar er "tøm­mersle­pe", altså spor etter tømmer som vert slept, ikkje noko ukjent uttrykk.

            Torsdag den niande desember 1847 holdt professor L. K. Daae eit foredrag i Bergen tekniske forening. Titelen på foredraget var "Om de af Naturen anviiste Landcommunica­tioner mellom det østen­fjeldske og det vestenfjeldske Nor­ge". Frå det foredraget tek me med dette:

 

            "De Stier, paa hvilke Handelskarlene sætte over de uba­nede Fjelde, og af hvilke Mange er stærkt befarne, saa at de bære Mærker af at have været brukt netop saaledes i uendelig lang Tid, ere baade i sin Hensigt og sit Anlæg væsentlig forskjel­lige fra Veie. De benyttes næmlig kuns til at drive levende Queg frem og til at føre Vare paa hesteryggen for­med­elst Kløv".

 

            At slepe er spor etter dyr og menneske, vert òg stad­fest i ordbøker frå Ivar Aasen og fram til vår tid. Ordet for­klåres som spor, stig og veg. Som ein ser, finst det andre forklårin­gar enn dei som tyder "dra", "buk­sera", "slepa". Saman med den kunnskapen me har om histori­ske tilhøve, vert tolkingen av ordet "Nord­manns­slepa" heilt einfelt Nord­mannsvegen.


"... der laa den gamle vei, som førte opp paa fjeldet” 

 

            Frå Simadal fører fleire vegar opp på Hardangervidda. Den eldste av dei - Austmannavegen - tek opp frå Tveit og kjem opp ved Istjør­nane. Lenger inne i dalen er Bakkalaupet, og lengst inne er Andersstigen. Ned til Tveit kom truleg baglarane i 1205. Fra Simadal fòr dei herjande ut Hardangerfjorden. Men andre "krigs­menn" har òg reist denne vegen. O. Olafsen skriv:

 

            "I Tingbogen for Hardanger findes under 25. mai 1689 under Tinget i Granvin (Graven) bemærket, at Lensmanden i Ulvik, Lauritz Vambheim, havde stævnet Torbjørn Lekve, fordi han havde nægtet at skydse over Fjeldet med sin Hest for Betaling "til Compagniets Tjeneste, som var paa Marchen til Kistiania ... Samtidig var Peder Halldorsen Legreid stævnet av Kjell Leg­reid for en Hest, som han havde laant af Kjell , da Oberst­løit­nants Kompag­nie reiste øst­over. Peder Legreid havde sat Hesten igjen i Sima­dalen ... Vi ser endvidere at Marchen  maa have gaaet over Sima­dalen. Der laa den gamle Vei, som førte op paa Fjeldet og videre østover til Hal­lingdal eller Numme­dal".

           

            Dette er eit utdrag av ein artikkel om soldatar over fjel­let. Artikkelen er i denne samanhengen interessant, fordi han gjev ein historisk dokumentasjon på oppstiginga frå Sima­dal. O. Olafsen viser til tingboka, og gjev opp ein dato for hen­dinga. Den rette dato for hendinga ovanfor viste seg å være 29.6.16­89. Det er forsåvidt mindre inter­essant. Men det var under denne dato eg fann dei omtala sake­ne i tingboka, som her vert fullstendig attgjevne slik de engang ble notert ned av rett­skriveren:

 

            "Anno 1689 d 29 Junij...

            Lensmanden Lauritz Wambheim havde stævnt Torbjørn Leque for hand ikke vilde schytze med sin øeg for betaling ofuer fiel­det, til Compagniet tienneste som waaer paa marchen at Christia­nia. Den indstævnte mødte. Wed gik at han waaer til­sagt og bøede Penge for schytzen udj sin egen Læg, og denne schytz stoed ham ey til, formente hand ey at være plik­tig at schytze til med og waaer hans øeg saa ung hand ey troede sig ofuer fiel­det med hende. Derimod for­mente Lændsmanden at som dette høi magt paa­liggende udfor­drit nødvendigt at schytze ikke motte forhalics med, og den mand som schytze burde waaere saa langt borte at der umue­lig kunde i den hastighed møede, til med og giorde hand bevislig øegen waaer god nock, og der tilmed schodt, og hafde Torbi­øren giort forseckring een anden mand der udj bøygden, som schulde hafue øegen øster afsted, den derfor lige saa vell kunde tienne til dette som det andit, og hand udj rette om hand iche til ved børlig straf burde ansees.

 

            Afsagt...

            Torbiøren leque bøeder for mod villighed i at schytze for betaling udj Hans Mayest, drinde Een half Rdl, som er tredje deelen af den leye der blef gifuet for den Hest der gik ofuer Fielldet i demis stæd, tillige med den udlagte ste...Penge­...og det inden halfmaanitz daeg".

 

            I den andre rettssaka som er referert frå same dagen, 29. juni 1689, står fylgjande å lesa:

 

            "Anno 1689 d 29 Junij...

            Kiel Herrey havde stæfnt Peder Haldorsen Legrey for een

hand havfde udj schytz østen ofuer fieldit nu dae Oberst

Leutnantz Compagnie reyste i Huilchen øeg hand icke havde

faaet tilbage igien, men vaaer sat efter udj i Simo Dal, og

dae een huer af den andre skaffede sine øegen tilstede reyste Peder Leygre udj andre sine forretninger og baar ingen Tiden­der at øegen waaer kommen ofuer fieldet føer end 3 daege der effter thj han kom ofuer om fredag og bragte første tidender om Syndagen ad aften, Imidlertid reyste Capiten Tormøelens Compagnie samme Vej ofuer fieldit og waaer freelst som at d. waaer kommer udj marchen med samme Compagnie og Hund saa aldrig kom til stædi igjen. Saa udj retten og formente Peder Leygrey burde betaele ham øegen som formed­elst hans forsømmel­se waaer bortkommen, eftersom hand nu ald delis ingen hjelp havde til Sommervinden. Peder Leygrey møtte udj retten. Med gick at hand havde øegen ofuer fieldit,men fremb førte 2de Widner at øegen waaer vell ofuer kommen igien som waaer Aadne Mæhus og Johannis Bue, formente hand førte øegen ofuer, og lefnet hende paa den stæd han annammit hende, hand ey meere hafde der til at svaere.

 

            Afsagt...

            Som øegen er bort kommen formedelst Peder Leygre­ys

forsømmelse at hand ey hafuer gifue manden Varsel der øegen

eyet, om d ind 6 uger ey kommer til stæde igien."

 

            Me har i og med dette eit historisk vitnemål om at sol­datar vart førde over Hardangervidda fra Simadal. Og det var vegen frå Tveit som vart nytta. Eg går ut frå at solda­tane var frå det Ber­genhusiske regiment og Hardanger batal­jon. Det er all grunn til å tru at dei vart frakta med båt bein­veges til Simadal. Derifrå gjekk så ferda til Halling­dal.

            På den gamle vegen frå Simadal til Austlandet finst det namn  som fortel om både austmenn og hallingar. Og ferdsla frå Simadal gjekk ikkje berre til Hallingdal. Dette var òg ein vanleg veg til Numedal i eldre tider. Den vegen gikk om Dyra­nutane, Skiftesjøen, Langesjøen og til Jønndalen.

            "Papirvigen" er eit namn som er bruka om Aust­mannaviki ved Sysen­vatnet. Namnet - som finst på kartet over Nordre Bergenhus Amt frå 1868 - kan fortel­ja om kjøp og sal. Og det er slett ikkje umogeleg at dette var ein handels­stad. Om­rådet ligg like ved ferds­levegen frå Simadal. Truleg har det også vore ein kvileplass for drif­tene til austmenn. I 1757 skriv Even Meldal:

 

            "...den Lille Flacke hvor­paa Kircken staar, og B, den inderste Bund af fiorden, kaldet Simoedal; hvor NB, alle de Heste som østerlendingen op­kiøber i hele Hardan­ger føres hen for derfra at drives over fieldet østereffter"

 

            I Eidfjord finst segner om ferd­sle attende til 1200-talet. Segner om bag­lare­ne, Kristian II, Erik Val­ch­endorf og Gyl­denløve. Mange segner har fått liv etter ferdene dis­se gjeve mennene tok over Har­dangervid­da. Gyl­denløve er kanskje den som har sett st­ørst spor etter seg på båe sider av fjellet. I 1667 - truleg 18.juli - fòr han fra Simadal på ferd over Ha­rdanger­vidda til Halling­da­l.

 

            "Skysskarane til Gyl­denløve satt eit stykke frå det høge herskapet og åt nista si, det var nok ein heilt annan kost enn den som fylgjet til Gylde­nløve åt. Den unge fru Gyldenløve sa: Trur du vel at disse mennene kommer i himm­elen saman med oss? Til det svara Gyl­denløve: "Jau, dei kjem nok visst til himmelen, men ikkje så høgt som oss" (O.Kolltveit).

 

            Det er ei av segnene om ferda til Gyldenløves. På staden der denne hendinga bar til, vart det bygd ein varde, som fekk namnet Gyldenløve, etter det segna seier. Og spør du folket i Simadal kvar den står får du svar.

            Men at den unge fru Gyldenløve - ho heitte Maria Grubbe - var med på denne ferda, er lite truleg. Tilhøvet mellom dei to var alt den gongen dårleg. Året etter var de skilde. Ho vart deretter gift og skild fleire gonger, heilt til ho døyde fordruk­ken og fattig i Falster, som kona til ein ferjemann.

            Men at Gyldenløve drog over Hardangervidda er det ingen grunn til å tvila på:

 

            " I Aals Præstegaard findes paa en Rude skaaret med en Diamant følgende: "den 20de Juli 1667, Omnia si perdas, faman fervare mento, U. F. Gyldenløve" (I. Wiel, 1743)


"Den annen hindring er Vøringsfossen"        

           

            Ser ein bort frå bilvegane, er landskapet i Måbødalen ikkje ulikt det som folk har her i hundretall, ja tusentalls år. I 1917 var bilveg­en opp til Garen (Gar­den) ikkje meir enn eitt år gamal, og det var berre to år sidan fyrste bilen kom til Eid­fjord. Den gangen var det ein hending så stor at skole­borna fekk fri frå skulen!

            Sume hevder at den fyrste bilen kjøyrde opp gam­leveg­en i 1930, andre hevder 1928, som også var året då vegen vart førd fram til Haugastøl. I ein artikkel frå 1917 om busetnaden i Sysendalens skriv O. Olafsen:

 

            "Det vil vel ikke gaa saa lang Tid hen nu, før man paa Bil kan kjøre over Fjeldet til Haugastøl, og da vil det blive mange Reisende gjennem Dalen"

 

            Ja, Olafsen fekk sjølsagt rett! Vegen over Hardangervidda er ein av dei finaste fjellovergangene i Noreg der turister og andre ferdafolk køyrer i hopetall over. Men videre frå Haugastøl og ned gjennom Hallingdal kunne bilisten fyrst køyra i 1939. Dette var året då det siste vegstyk­ket fra Haugastøl til Geilo vart bygd fer­dig.

            Det fanst ikkje offentlege veger i Eidfjord i 1840 åra. Det var bare lokal ferdsle mellom gardane og frå gardane til stølene Vid­da. Sameleis var det òg ferdsle mellom austland og vestland.

            Mellommange framlegg i eldre tider om vegsamband frå aust til vest, fanst det i 1881 forelå det planer om ein veg frå Eid­fjord over Sysendalen eller Hjølmo til Numedal. Denne planen vart ansett for å vera så viktig at ein ville at anlegget skulle byggjast heilt for statens rekning. Men planen fekk òg sine motstandarar trass i dette. Ein av dei som gjekk mest imot var amtmannen (fylkesmannen). Han var redd for at eit slikt tiltak skulle koma i vegen for andre og viktigare anlegg.

            Den same tvilen kom fram i 1909 òg - det året då Bergensbanen vart åpna. Då vart det hevda at jarn­banen(!) burde ta all kostnad med veg mellom Eidfjord og Haugastøl. Det var ellers ein naturleg tanke, for det ville i fyrste rekkje vera jarnbanen som fekk foremoner av ein veg frå Hardanger - særleg med tanke på driftetrafikken, som då jarnbanen kom vart ein viktig inntektskjelde for NSB.

            I 1882 vart det løyvd penger til et hovudveg­anlegg mellom Nedre Eidfjord (Vik) og Øvre Eidfjord (Sæ­bø). Løyving i 1895 sytte for at arbeidet kunne ta til fram til Tveito. Tilskot i 1899 og 1904 gjorde at arbeid på strek­ningena Tveito-Måbøvatn og Måbøvatn-Garen kunne setjast i gang. Desse tilskota var såkalla distriktstilskot.

            Stortinget òg ytte sitt. Det gav tilskot i åra 1901-1902-1903 og 1904. Løyvingene gjekk i hovudsaka til strekningen Sæbø-Måbøvatn. I 1905 sam­tykte Stortinget i at ei besparing kunne nyttas til ei omlag 80m lenging av vegen ved Måbøvatn. Med desse 80 metrane var vegen frå Måbøvatn til Garen påbyrja.

            Vegdirektøren tilrådde i 1908 at vegen vart bygd heilt fram til Garen. Han tok samtidig atterhald om vidare vegbygging til Bergensbanen ( i tilfelle til Haugastøl stasjon). Den gongen meinte ein at vegen over til Haugastøl måtte anten verta drifteveg eller utsetjast til ei fjern framtid. Stor­tingsløyvingar til anlegget vart gjevne i åra 1909-1910-1911-1912 og 1913. Distrikstilskot vart gjevne i åra 1899 og 1901.

            I 1894 var bruene ved Tveito og Måbø i dår­leg stand. Dette kom truleg av flaumen i 1880. Repara­sjonan vart utførde i 1895. I 1898-1899 seier veg­direktøren at brune på Tveito og Måbø er så skrø­pelege at dei er til fåre for ferdsla. Dette kan tyda på at vølingsarbeidet kanskje ikkje var forsvarleg gjort. I 1891 var Eio bru ferdig.

            Av dei mange som reiser g­jennom Måbødalen i dag, er det sik­kert få som ten­kjer på de gamle veganr og stigane. Dei fleste haster gjen­nom dalen med heilt andre mål i tankane. Men det finst òg dei som stogger for å ovundra den gamle riksveg 7 som slyn­jger seg gjen­nom dalen.

            Dei ser på dei fan­tastiske murane som den gamle vegen kvilar på. Har det verke­leg vore mogeleg å køyra der? Spørs­målet kjem gjerne til oss frå utanland­ske turi­ster, og me svarar stolte: "Jau då, inga sak det!" Gløymd er den skjelvande foten på bremse­pedalen nedetter på glatt vin­terføre. Gløymd er òg den gongen du stod fast med campi­ng­vogna mellom Byrkjenes og Stora­gils­nes. No er den gamle riksveg 7 vorten syk­kelsti, og me kan med freidig mot fortelja om alle svimrande opplevingar me har hatt her i dalen, det er opplevingar som turistane må synast høyrer til ei anna verd enn den verkelege.

            Den gamle riksvegen i Måbødalen vert stort sett bygd med handamakt, Både boring og sprengjing - og ikkje å gløyma alle dei utrulege murane som liksom klorer seg til fjellet.  Vegarbeidarane kom stort sett frå bygdene omkring; serleg kom dei frå Røldal. Det kan koma av at røldølene hadde røynsle i vegbygging frå anlegget over Haukeli som vart bygd noko tidlegare.

            Margrete Bu fortel om vegarbeidarane:

 

            "Synlege merke har ein den dag i dag korleis en tok seg fram i det ville og farlege fjell. Men dei var vaksne opp i ein hardbalen natur og bar preg av det. Så dei hadde eit realistisk syn på liv og død. Dei gjekk kvar dag til arbei­det med livet i neven. Ein sann historie frå den gang viser det: Dei var komne til toppen av Måbødalen med vegen. Ein sunn­fjording var syning og kom til Ranveig-Sjur med beskjed om at far hans var død. Ranveig-Sjur var ståande litt, og togg og togg. Så sa han:"Da æ fort gjort, jaggu æ da so". Og så for­satte han arbeidet"

 

            Ja, soga skal være sann!

            Om bruken av den gamle riksvegen kan me nok seia at me veit mykje, men verre vert det når spørsmåla gjeld historiske fakta: Når er vegen bygd? Låg det en kløv­stig der før? Og i såfall, kor gammel er han? Ja spørsmåla er mange, og er ikkje alltid like lett og enkelt å svara. Nokre har nok ein tanke om at det må ha gått ein eller annan stig gjennom dalen, men dei fleste må melda pass når det gjeld fakta. Og det er natur­leg nok, for kunnskap om dei gamle stigene i Måbøda­len er det få som har. Kunnskapen avgrenser seg gjerne til nokre peri­fere opplysningar om Måbøgal­dene, denne vidgjetne trappevegen i Må­bøberget som heilt skuldlaus er vorte del av den Store Nord­mannsslepa. Men den æra skal ein annan fjellveg i eit anna dalføre i Eid­fjord ha.

            Trappevegen i Måbøberget er populært og gale vorten kalt for Måbøgaldane. Ordet "galder" er ikke noko gamalt ord i hardingmålet, men det finst på Austlan­det og er etter det sakkundige seier innlånt i dette namnet. Eldre folk i Eidfjord - eller dei som har kunnskap om det - sier "træppu­na i bærje" om Måbøgaldane, eller trappevegen i Måbøberget.

            Som sagt er det få som har kunnskap om dei gamle stigane i Måbødalen. Jamvel for dei eldre i Eidfjord er mange av fjellvegane ukjende - og det er naturleg nok. Det er lenge sidan dei var i bruk, og med åra har dei fleste grodd til. Berre her og der kan du sjå spor etter ei kvorven tid. Og dei spora du ser, får gjerne dei store orda til å koma fram. Særleg om folket som fòr med tunge bører på nesten ufram­komelige stiger. Me prøvar å gjera oss tanker om dei, og aner - utan og heilt å forstå det - slitet som for dei var ein del av dagleglivet.


"Det maatte da også  være uhyggeligt at bo her"

 

            O. Olafsen skriv om Måbø:

           

            "...Den øverste Gaard: Dalen nedenfor Syssendalen var i ældre Tid Maabø, som tilhørte Halsnø Klo­ster. Da Gaarden hørte til det saakaldte Halsnø Klostergods, følger deraf, at den maa være en temmelig gammel Gaard, i alle Tilfælde fra Middelal­deren. Men den har vidstnok været ube­tydelig og ofte ligget øde. Det maatte da ogsaa være uhyg­geligt at bo her ganske afsondret fra andre Mennesker, og uden Vei til Bygden... "

 

            Det var ingen rimeleg grunn til at nokon skulle fe­rdast i denne tronge og vegl­ause dalen før det vart busetnad. Skulle ein til fjells var det andre og mykje lettare veger å ta. Jamvel etter at den fyrste bu­setnaden kom, var det berre lokal­veg mellom Må­bø og Lund.

            Garden Måbø ligg øvst i Måbødalen. Kor lenge det har butt folk der, kan ein berre gissa på. Sume tek eit jarnalder­funn på Måbø som ein peikepinn om at dalen var busatt i yngre jarnalder. Truleg vart garden teken opp som øydegard på 1600-talet. De fyrste oppteikningane om garden finst i ein bygsel­taksering over offent­lig jorde­gods i Har­dan­ger len i 1633. Då tilhøyrde han Halsn­øy klostergods:

 

            "Måbø: tilhører Halsnøy klostergods: 1/2 løp smør, 1 bukke­skinn, sår 1/2 tønne. Taksert til 3 riksdaler. Ligger høyt tilfjells. Ingen god åker, eng eller andre lunder"

 

            Det vert fortalt at garden i 1657 fødde ein hest, 1 ukse, 5 kyr, 1 kvige, 8 geiter, 2 sauer og to lam. I matrikkel fra 1886 kan ein lesa at det på Måbø var to brukarar. Dei hadde 7 mål åker og 20 mål eng. Dei fødde ein hest, nokre storfe og ein del sauer. Og det vert nemnt på same staden at garden var særs tung­driven og utsett for sviding.

            I 1748 fekk to brør bygselbrev på garden og delte han mellom seg. Seinare vart garden Måbø - ved ein auksjon over Halsnøy klostergods - kjøpt opp og selt til brukarane i 1759. Dermed vart dei sjøleigarar. Dei nytta seg av Sysendalen til støl. Til eigedomen høyrde òg Vøringsfossen. Alt i 1898 vart 2/15 av fossen selde til ein privatperson. Denne retten vart sidan over­dregen til staten.

            Frå 1838 er Måbø delt i to bruk. Etter det som er fortalt meg, var det eine bruket sist forpakta av Martha Tvei­to. Det vert fortalt at då Martha ein gong hadde vore på Tinden for å sjå til sauene, vart ho uviss på om ho hadde late att døra i selet. Endå om det var langt på dag, tok ho ein stormlykt i handa og fòr opp mot Kyrkjeskori. Var døra open? Nei, det har eg aldri fått svar på.

            Staten eks­propierte også garden, men dei to systrene heldt fram med å driva han. Bruket - utan vatn- og strandrettar - ble seld attende til systrene i 1939. Martha døydde i 1959, sidan budde Gurid Måbø åleine på garden til ho døydde i 1967. Frå den tid har det vore stilt på Måbøgardene.

            På Måbø kan ein sjå at innmarka er oppdelt av røyser og steingjerde. Her og der kan du sjå spor etter vat­nings­vegene, som var så vikti for at bøen ikkje skulle turka opp om sumaren. Frå ein oppdemd dam like i nærleiken av garden førde vat­ningsanleg­get - noko oppmura og noko nedsprengt - det dyrverdige vatnet ut på bøen.

            Kyrkjeskori var stølsvegen for bøndene i Må­bødalen. Til Til garden Måbø høyrde stølane Tinden, Åstestølen og Hengelidi. Åstestø­len hadde dei i lag med Tveito. Både frå Tveito og Måbø gjekk det stigar opp Kyr­kje­skori, fyrst som to åtskilde stigar, der­etter - rett ovan­for urda nord for Høg­dene - gjekk dei sam­an. For å finna dei må du væra lokal­kjend. Det greia­ste er gjerne å gå stigen fra Måbø. Lett å finna er han ikkje, men er du litt tolmo­dig går det bra. Går du på gam­levegen rett før tunet på Måbø, finn du staden der vegen tek opp, rett ne­danfor den vesle tunne­len. Har du fyrst funne det punktet, er resten etter måten lett. Men sjå opp for st­eins­prang og annan ­styggedom!

            Kor dramatisk det enn ser ut i Kyrkjeskori, var det dag­leg liv å ferdast der. Ofte måtte ein gå på så smale skorter, at det er til og undrast på at det i det heile gjekk bra. Kyrkje­skori vart òg brukt som drif­ta­veg. Det hende i 1880, da det var ein stor flaum i Måbøda­len. Dette førde til alle bruene vart borte. Lars Ola Garen måtte det året fara med drift­afeet sitt opp gjennom Kyr­kjesk­ori.

            Som tidligere nevnt, tykkjest det vera mykje overdrive, det som trappevegen i Måbøberget har hatt å seia for den Store Nordmannssle­pa. At vegen i Måbøberget er viktig kulturhistorisk sett, er sant og visst, men det er dei andre fjellvegane i Eidfjord òg, slik som vegane til fjells i Simadalen og Hjøl­moda­len. Desse to dalane har busetnader som er eldre enn buset­naden i Måbøda­len.

            Samanlikna med andre fjellvegar i Eidfjord er vegen i Måbøberget ein heller ny veg. Etter alt å døma er det enno ikkje 200 år sidan dei byrja å bruka vegen her, og alt 80 år etter den var bygget, var vegen mykje godt komen or bruk.

            Ein av dei eldste vegane i Måbødalen er som tidligere nevnt den gamle stølsvegen for Måbø og Tveito - Kyrkjeskori - til stølane Hengelii og Tinden. Denne vegen vart nytta alt lenge før trappevegen vart bygde. Men før den vegen kom til, var opp­taket gjort på Tymberløypet og Stora­gilsvegen. Me vil ikkje gjera det kultur­historiske verdet av trappevegen mindre enn det er, men det sprin­gande punktet er at den Store Nord­mannsslepa ikkje gjekk der. Det var svært mødesamt å gå i berget, og mange stad­festin­gar finst på det.           

 

            "...Nedover denne overmaae steile Gald stiger man paa Fjeldpynten, gennem Skorter og Ur med maaske 1000 Fod eller  mere, inden man naaer Dalen under. Veien er flere steder dannet af Stene lagte i Trappetrin..."

 

            "Vi måtte meget ofte hvile på tra­ppen, og mine l­edsa­gere for­sikret at de al­ltid i et par dager efter å ha befart den med oppakning var stive og ømme i underek­stremi­tene, hvil­ket jeg fin­ner såre naturlig"

 

            Opphavsmannen til dei siste orda er Prof. Chr. Hansteen, som gjorde ei rekkje geogra­fiske og magnetiske granskningar på ei ferd over Hardangervidda i 1821. Og det er dei vidgjetne trappene i Måbøberget det er tale om. Orda kom etter at han hadde gått ned berget. Det er han som er grunn til at trappe­vegen har "1500 trappetrinn og 124 slyn­g". Eg har ein mistanke om at den gode professor ikkje var så nøyen på kva eit trap­petrinn var! Noggranne oppteikningar gjorde han heller ikkje. Det stadfester han sjøl òg, når han seier at når det gjeld slyng, så hugser han ikkje kva for eit tal som var det ret­te, og at saka er likegy­ldig! Og spør du, så held eg med han i det!

            Segna seiear at Hansteen fekk med seg Per Maurseth til fossen. Der skal Per ha halde ha i føtene, medan han låg utføre kanten for å måla høgda. Segna seier òg at då Hansteen ville vita namnet på fossen, svara Per:

 

            "Siden du kom so lang veg for å sjå han, og vørde han so mykje, tenkjer eg me får kalla han Vørings­fossen".

 

            Claus Helberg fortalde meg at han sjøl var tvilande til talet på trinn i Måbødalen. Sjølv hadde han prøvt å telja trinna heilt til dei vart borte i steinurda. Med svært god vilje kom han til bortimot 200! Helberg har vore skeptisk til på­standen om dei 1500 trappetrinn, og det er eg òg. Eit anna poeng, som Helberg nemner, er at ein som går trappene for fyrste gong, knapt gjev seg til å telja trinna, og det må ein vera samd med han i.


 Tidsepokane for vegsystemet i Måbødalen

 

            For at lesaren betre skal få innsyn i vegsystemet i Måbøda­len, er det turvande med ein del opplysingar om dei røynlege tilhøva.

            Ferdsla i dalen kan grovt sett delast i to hovudepokar: Før og etter bruene. Bruene hadde alt å seia for gjennom­gangs­trafikken. Det var ikkje var råd å vada over Bjorei­o. Noko hestevad var det ikkje heller. Det fanst rett nok muligheter for å krysse Bjoreia ovanfor Måbøvatnet øvst i dalen, men den hadde ikkje noko å seia for trappene i berget.

            Som nevnt finst det ikkje oppteikningar om buset­nad i Måbø­dalen før etter år 1600. Og før det vart buset­nad i Måbøda­len, fanst det ingen rimeleg grunn til at nokon skulle ferdast i denne tronge og veglause dalen. Jamvel etter den fyrste buset­naden var det berre lokalveg mellom Lund og Måbø. Før brua på Sæbø kom - og Sysendals­brui - var Sysenda­len i grend med Lund, og hadde sitt båtstø der. Måbø hadde òg båtstø på Lund, og det vert den dag i dag kalla Måbøstø­et.

            Det er viktig å merka seg at sysendøle­ne er i grend med Lund. Hadde sysendølene - som fyrst vert nemnde i skatte­mann­talet av 1629 - brukt Måbøberget, ville dei ha vore i grend med Måbø. Sysendølene hadde i den tid en av bygdavegene sine om Åstestølen, Tinden og ved Gjuvadalen. I Gjuvadalen gjekk òg  materialtrans­porten til Demmevasshytta i 1894. En annen veg gikk om Skisete, Tjukkaskog og ned Hjølmodalen.

            Dei vegane som fantes på 1500-talet - Kyrkjeskori og Tymberløypet - hadde på den tida ingenting å seia for ferds­la gjen­nom dalen, til det var dei alt for vanskelege og utilgjen­gele­ge. Desse vegane var det dei fyrste fastbuande i Måbødalen som nytta.

            Kven hugsar ikkje den vinterdagen for nokre år sidan då to trai­lerar køyrde utføre stupet øvst i Måbødalen, rett ovanfor den øvste tunnelen. Truleg er den drama­tiske vin­terdagen framleis samtaleemne for mange når dei fer framom staden. Lite aner dei at det var like nedan­for staden for denne ulukkelige hendinga, at den eldste ferdsle­vegen i dalen gjekk.

            Det var ved gården Måbø at Tymberløypet byrja. Der­ifrå gjekk han mot aust til fyrste svingen på gamle R 7. Der tok han av og gjekk opp gjennom ei lita gjel. Tek deg tid i steinurda der, og bruk fantasien. Det er nok av stader der ein veiedemann i gamal tid kunne finna livd. 

            Tymberløypet heldt så fram på vest­sida av Bjoreio opp til Måbøvat­net og langs nords­ida av vatnet fram til elvao­sen ved innlaupet. Der gjekk han over elva, ein eller annan stad mellom Byrkjenes og Storagils­nes. Rett aust for Storagilsnes byrja opp­sti­ginga mot Høl. Der ligg ein gamal grunnmur etter eit hus som var oppsett i samband med det fyrste veganlegget for R 7 opp Måbødalen. Over 300 år seinare skulle turistve­gen inn til Vørings­fossen kryssa Tymberløypet nett her.  

            Frå grunnmuren stig Tymberløypet i fleire slyng heilt til dess han gjekk nokolunde rett bort til steinurda like nedanfor øvste munningen til Dalberg­tunnelen. Så gjekk han vidare i slyng att oppover derifrå. Ein kan sjå deler av vegen rett til høgre for den øvste munningen av Dalbergtun­nelen, ovanfor vegen. Derifrå og fram til Høl er han grei å fylgja. Frå staden der Tymberløypet byrjar på si rette line, tek Stora­gilsvegen utgangspunktet sitt.

            Oppetter mot høgda kryssar Storagilsvegen den gamle riks­veg 7 rett føre fyrste slyng og likeeins mellom tredje og fjerde slyng. Han gjekk framom like føre toppen av ra­steplassen som er lagd ved den nye R 7, eit stykke nedanfor Dalberg­tunnelen. Store deler av både Tymberlø­ypet og Stora­gilsvegen er no øydelag­de av vegarbeid opp gjen­nom åra. Før den nye vegen vart lagd i Storagilet kunne ein der sjå restane etter av ei smie som var i bruk ved det fyrste veganlegget i Måbødalen.

            På eit foto - truleg tatt frå Skaggen i 1924 - ser ein tydeleg både Tymberløypet og Storagilsvegen. Like eins finst det ei kartskisse over noko av veganlegget i dalen,  der er Tymberløypet og Storagilsvegen innteikna. Foto og skisse finst i "Meddelelser fra veidirektøren (okt. 1924)".

            Men som me om litt skal sjå, er det fleire vegar i dalen. Etter det eg skjønar er det truleg ikkje mange dalføre i Noreg, som på eit så lite område har så mange ulike ferdslevegar.

            Innvendingar om at både Tymberløypet og Storagilsvegen må være kommet til etter at turistvegen i Måbødalen vart bygd, er ikkje urimelege. Men kva kan ein ikkje lesa i ein artikkel der forfat­taren fortel om ei utferd til Vøringsfossen:

 

            "... Med vor gamle Mand drog vi langs Elvebredden til Fos­sen, og da vi hadde lyst til at se samme nedenfor, for - om det var muligt - at faa et Prospect af den, maatte vi deels klavre, deels glide ned ad et Tømmer­løb, som var meget steilt, og derpaa henad nogle besværli­ge og for hovedsvimle Personer vidstnok farlige Stier, indtil vi kom ned til Elven lige over Vandfaldet i nogle hun­drede Fods Afstand."

 

            Som ein ser: skildringa av Tymberløypet er skriven omlag 50 år før enn turistvegen vart bygd. Men også kaptein Hille under sin befaring i Måbødalen registrerte disse to vegene:

 

            "Jeg har tidligere været i uvished, om det lod sig gøre fra bunden af dalføret i nærheden af fossen at naa op til det sted, hvorfra Fossen ovenfra gennem lange tider har været seet. Det har forekommet mig, som om det vilde være meget beklageligt, om man ikke ogsaa kunde faa tage med den storartede og gripende udsigt uden at rejse helt tilbage til Maabø ... Jeg har nu i sommer ladet undersøge, om det maatte være anledning til at faa en forbindelse mellem foden og toppen av fossen, og fundet, at dette lader sig gjøre paa to steder"

 

            Når bøndene i Måbø­dalen skulle bruka Tymberløypet og Storagilsvegen var det naudsynt å kryssa Bjoreio. Dette var mogeleg ovanfor Måbø­vatnet. Derifrå og opp på vidda var det etter måten lett. Men korleis skulle ein koma frå Måbø og opp til Måbø­vatnet?

            Sørsida av elva frå Måbø og opp til Måbøvatnet var ikkje framkomeleg. Endå om det hadde vore bru på Måbø - ei bru som kom fyrst omkring 1780-1790 - ville det ikkje ha vore mogeleg å koma forbi fjellet som nokre stader - på sørsiden av elven - mellom Måbø­vatnet og Måbø går lodd­beint i elvabotnen. Difor måtte den einaste mogelege framkoma vera å finna på nordsida. Eg trudde at det var like umogeleg å finna ein passasje her som på sørsida. Her var det viktig å finna ei kjelde som kunne stadfesta at det var mogelig for dei fyrste fast­buande i Måbødalen og ta seg fram på nordsida av elva! Noko anna var heilt enkelt ikkje mogeleg.

 

            " ... idet jeg fra Måbø ar­beidet meg fram langs elv­en, intil jeg stod like over det mektige vandfal­l. Man vil på fore­spør­sel få det svar, at der er ganske ufre­mkomme­ligt langs elven. Den­ne antagelse er alminnelig utbredt, og jeg ble derfor meget be­hage­ligt overra­sket, da jeg fant, at det for­hold­svis ik­ke var så stor sak å arb­eide seg fram gjennem dalfø­ret hen til fossen. Den nor­dre side av dalen, som jeg fulgte, består nesten utelu­kkende af storsteinet ur, som er tret­tende og til­dels van­skelig å passere ... "

 

            Opphavsmannen til desse orda er Kaptein L. M. Hille, "far" til turistveg­en. Sitatet er henta frå meldinga hans om korvidt det er mogeleg å byggja ein turistveg inn til Vøringsfos­sen. Det er et stykke av Tymbe­rløypet han skildrar, fjell­vegen som han nyt­ta seg av i det store og heile på rekongnoseriringsturen sin inn til Vøring­sfos­sen.

            Hille skriv diverre ikkje meir i detaljer om synfaringa si. Men det som er visst, er at Hille ikke har kryssa Bjore­ia ovanfor Måbøvatnet. Som kjent er turistvegen bygd på sørbreidda av Bjoreia. Synfaringa av trasèen er med andre ord gjord frå den motsatte elvesida, då er det ikkje å undrast på at det kunne koma uventa ting.

            Noko av det uventa var brua som måtte byggjast like inne ved fossen.

 

            "Når man er kommen frem så langt, at man skulde glæde sig ved synet af det mæktige vandfald, så springer det frem en fjeldpynt lige ved foden af fossen og skjuler henimod tredjedelen af dens fald. Dette kunde ikke observeres for­rige år fra den anden elvebredd. Det vil derfor blive nød­vendigt at gå over elven med en bro til den anden side af dalen, hvorfra man har et rent og fullstændigt syn af fos­sen"

           

            Kostnaden med brua på 75 spesiedaler var slett ikkje budsjettert, men pengesummen vart likevel skaffa til vegen ved ein donasjon fra stamhusgodseigar Rosenkrone i Bergen. Tu­rist­veg­en vart etter medverknad av Den Nor­ske Tu­ristfor­ening bygd i åra 1870-72. Kostn­aden vart til­slutt 566 spd. som var 266 spd meir enn bud­sjettert. Han vart åpna i juli 1872 av dåværande prins Oscar.

            Standarden på turistvegen var god etter dei krav som tida sette. Ja, sume meinte - særleg då kaptein Hille - at det var deler av den vanlege bygdeveg i dalen, for ikkje å snakka om trappevegen i Måbøberget, som var av ein dårlegare standard. Men kritiske røyster steg òg opp. Dei hadde venta seg mer av vegen enn det som var gjort. Denne kritikken meinte kaptein Hille var heilt urettferdig:

 

            "Jeg skylder da og føye til, at disse bemerkninger skrive seg fra saadanne, der gjerne vil tage med fordelene og behagelighederne af, hvad der er utrettet, men som ikke have havt nogen fordring til seg selv til at være behjelpe­lige med at få noget mere fullkomment istand"

 

            Kanskje låg den fyrste bomstasjonen i Måbødalen. Visst er det at Den Norske Turistforening alt i i 1872 hadde ein  "bomsta­sjon" ved brua inne attmed med fossen. Dette vart det slutt med i 1895. Men det var andre enn DNT òg som nytta høvet til å tena ein ekstra skilling. Ein av dei var Ola på Måbø. Slik som han såg det, var stigen førd over eigedomen utan løyve. Difor meinte han at han hadde krav på såkalla grindapen­ger. Og takstane? Ja, dei var dei same som ved fossen. Kun byg­dafolk og medlemmer av DNT slapp å betala.

            Kva skal ein tru dei sa, dei engelske lordane når dei i denne avgjøymde bygda i det fjerne landet Noreg vart kravde for grindapenger opptil to ganger for dagen? Eller kan henda vart dei ikkje det? Truleg var det den gongen som no skilnad på kong Salamo og Jørgen hattemaker.

            Kaptein Hille var ikkje berre "far" til turistvegen. Det var han som tilrådde at det skulle krevjast inn bompenger òg. Alt då planlegginga med finansieringa var i gang, var det på tale å leggja på ei friviljug avgift - som Hille meinte kvar vandringsmann ville betala. Når dei brukte turistvegen, ville dei som skulle til fossen sleppa å leiga vegvisar opp Måbøberget og fram til fossen. Det skulle seinare syna seg at for å kunna halde vegen ved like, vart det naudsynt - også etter tilråding av kaptein Hille - å krevja inn faste bompenger.

            Å arbeide opp veg i steinrøysa som heile str­ek­ninga låg i, stort sett, må ha vore eit vanskeleg arbeid. Overalt var det skort på tenleg vegdekke. Ne­sten all jord og grus måtte berast fram i kiper. Material­ar til brua innunder fossen vart kjøpte i Granvin. Deri­frå vart dei førde med båt til Eidfjor­d og kjøyrde med hest til Eidfjordvatnet, der dei vart fløytte over. Vidare vart dei kjøyrde opp til Tveito, og derifrå vart dei sidan borne eller dregne langs elva til arbeids­plassen.

            Om du - nesten inne ved brua - får auga på ein grunnmur, då er det restane etter Fossastova du har fu­n­ne. Dette var ein kafe og o­ver­nat­tin­gsstad, og han vart åpna i 1870-åra, flytt i 1917 til øvre Eidfjo­rd. Når kafeen trong mjølk og fløyte vart Stora­gilsv­e­gen brukt til stølen Berga­lidi, som ligg rett vest for Høl.

            Det var i hovudsak var det granskarar og vitskapsmenn som fòr inn til Vøringsfossen. Fleire av dei heldt fram inn på Hardangervidda med førar. Men også ei anna gruppe folk dukka opp etter at turiststigen inn til fossen var ferdig. Det var rikfolka. Dei kom ofte - særleg dei engel­ske - med eigne båtar. Fyrst ved 1862 fekk Eidfjord eiga dampskipsrute. På slutten av 1800-talet kom crui­se-skipa og sette fart i turist­trafikken.

            Sjeldan eller aldri har vel Eidfjord hatt så mange reiseførarar samtidig. Det var reiseførarar som sjølvsagt òg fungerte som skys­skarar. Reglane var strenge for dei;  Kontroll av sele­tøy og redskapen vart gjord av lensmannen,  og nedre alders­grense for skys­skarar var 16 år.

            Tid tok det å ta seg inn til Vøringsfossen. Det var ikkje veg mellom Øvre og Nedre Eidfjord før i 1891. Før det året laut en ta seg fram over Eidfjordvatnet med båt. I 1905 var vegen ferdig fram til Måbøvatnet. No vart det lettare å koma inn til fossen, og ferdsla auka mykje.

            Det siste tidsromet i soga om vegsy­stemet i Måbødalen er tida etter at turistvegen inn til fossen vart ferdig i 1872. Med den vegen fekk Tymberløypet og Storagilsvegen mykje meir å seia enn før. Ferdslemønsteret i dalen vart heilt endra. Ei utbreidd mistyding er det når det vert hevda at då Ola L. Garen i 1880, bar materi­alane opp til det som skulle verta Fossli Hotell, var det Måbøberget han nytta. Det er ikkje rett, det var Tymberløypet som ble vart nytta.

            Tymberlø­ypet vart omkring 1888, etter at Ola Garen hadde sett seg i brodden for å få den vegen utbetra til transportveg, den vanlege vegen til Sysendalen. Han vart nytta heilt til dess riks­vegen opp Måbøberget vart ferdig i 1916. Dei gamle vegane i Måbøberget vart ikkje lenger ved­like­haldne etter dette, og dei kom i forfall. En tidsepoke var over ...

            Om dette er alle stigane i Måbødalen? Neida, det finst fleire, endå om dei til no har vore omtala, må reknast for   hovudvegar. Det gjekk ein stig i Magnhildskor og èin i  Tveita­skor. For dei som hadde sauer, var ein tur i Svinagili noko ein måtte ta med.

            To andre fjellveger i Måbødalen skal nemnast, det er vegar som veidemennene i dalen brukte. Den eine som me skal kalla Kvern­husskorvegen er komen til etter at Turist­veg­en vart bygd. Han går ut fra Turistvegen ved Kvern­husha­uge­ne, går så opp Kvernhus­skore­ne over Gamlaber­get fram mot Høl. Den andre fjellvegen var og er ein heilt lokal veg fra  garden Tveito. Han vert kalla for Yksnarlivegen. Når ein på Tveito gård ser etter mogelege stader for å koma til fjells på sørsida av Bjoreio, merkar ein fort at mange er det ikkje. Det beste er å gå over Dansar­nuten frå nordsida. Derifrå synes det lett å ta seg vidare oppetter. Men så heilt enkelt var det ikkje. Rett nok var dette ein lettare veg etter lendet, men det tok for lang tid. Betre var det då å gå opp på søraustsi­da - rett opp bratthen­get. Slik spara ein tid. Korleis dei kom seg opp? De brukte stigar sjølv­sagt! Ein ikkje uvanleg måte og ta seg til ­fjells på.


 "Broerne er nu faldefærdige, ja livsfarlige at passere"

 

            I ei liste som futen Koren gjev i 1786 over bruene i Hardanger nemner han Simadalsbrui, Tveitbrui (Tveit i Simadal), Sæbøbrua og Sysendalsbrua. Måbøbrui og Tveito­brui  er ikkje nemnde. Ein forstår av lista at bruene er nyst bygde, eller i alle fall ikkje meir enn 10 år gamle.

            Brua på Sæbø vart truleg bygd for å utnytta hamnehagen på andre sida av Bjoreio, der det i dag er skytebane. Brua fekk sjølsagt sitt å seia for samferdsla i bygda, men ferds­le­ mønsteret i Måbødalen vart knapt mykje endra av den grunn. Sysendølene nytta framleis Gjuvadalen, Tveito og Måbø av Kyrkjeskori. Vegane inst i Måbødalen var enno så util­gjengele­ge at det ikkje kunne verta nokon gjennomgangs trafikk. Først på 1800 tallet kommer de første vitenskaps­menn, forskere og turister gjennom dalen.

            Fyrst etter at brua på Sæbø var bygd, vart arbeidet med  bruene på Tveito og Måbø påbyrja. Kolltveit seier at det     vart skrive ut pliktarbeid i heile Eidfjord sokn, og at      trappene i berget må vera laga etter offentleg oppdrag. Olav Kolltveit nemner på same staden at bøndene på Erdal og Bu i 1786 klagar til futen over at dei er pålagde pliktar­beid på ein fjellveg to mil borte. Det er all grunn til å tru at pliktarbeidet gjeld bruene i Måbødalen og trappevegen i Måbøberget. Det må difor vera like god grunn til å hevda at trappevegen tidlegast har vore bygde i slutten av 1780-åra.

            Eg trur at denne vegen vart bygd hovudsakleg for bønde­ne i Måbødalen og Sysendalen. For sambandet mellom aust og vest vart han ikkje bygd. Dette sambandet hadde andre og monaleg betre vegar til fjell­s, og det var vegar som alt hadde vore i bruk i mange hundre år.

            Då bruene vart bygde, vart ferdsla i Måbødalen ei heilt anna. Bøndene i Sysendalen byrja no å fara gjennom dalen. Dette hende truleg fyrst i kring 1790-1800. Men problemer dukket også opp etter at broene var ferdig.

            Som tidligere nemnt var vegdirektøren i 1898-1899 uro­leg for bruene i Måbødalen. Dei same styresmaktane var ikkje så uroleg omkr. 1850. Frå den tida finst ein søknad om 222 sp­d. hjå amtstinget (fylkestinget). Pengane trongst til vøling av vegen i Måbøberget, dessutan til Høl-, Tveito- og Måbø bruer. Svaret frå vegnemda på søknaden er eit vitnemål om at Måbø­dalen berre var til lokalt bruk:

 

            "Denne post angaar en udgift, der, strengt taget, vel ikke kan indrages under veilovens bestemmelser, thi de omhand­lede broer ligger hverken paa nogen hoved- eller bygdevei. De ere nødvendige og gavnlige for omtrent 14 opsiddere, der bebo den inderste bund av Eidfjord"        

 

            Når løyvinga til sist vart gjeven er det av heilt andre grunnar:

 

            "... og for de 4 af disse, hva de to broer angaar, alde­les uundværlige, da de uden dem lettelig kunde komme til at dø hungersdød i deres hjem, fra hvilket ellers al(!) udgang er spærret. Broerne er nu faldefærdige, ja livs­farli­ge at passere ... samtlige opsidderes fromuesomstæn­digheter ere ringe, og dersom man saaledes ikke vil komme dem til­hjelp er det al sandsynlighed for, at deres eien­domme der sanrt maa blive forladt af mennesker og lagte øde"

 

            Og det moralske syn sigra. Pengar - 122 spd. - vert  løyvde til bruene på Måbø og Tveito. Brua på Høl får der­imot inga løyving. Grunnen til det er at vegnemnda syntes at elva renn såpass roleg der at det kan brukast ein båt til å føra folk og beist over.

            I 1854 var amtmannen sjøl på synfaring til Høl-brua. Ei tilråding om å løyva 100 spd. vart teken til fylgje. Sameleis ei løyving i 1857 på 78 spesiedaler til Tveito bru. I 1865 vert det løyvd 20 spd. til trappevegen i Måbøberget.              På ny vert det sendt inn søknad om løyving til å utbetra bruene på Tveito og ved Måbø. Det er i 1874, men søknaden får avslag. Tilskot - på kr. 400,- - vert likevel gjeve til brua ved Høl.


 "Til Hjelmo eller Høl gaar ogsaa den mest befarede Hardanger-fjeldvej fra Ubdal i Numedal"      

 

            Det er ikkje råd å gå utanom menn som Hansteen, Bergh,    Breder, Munch og Hermoders reisefylgje som alle gjekk ned Måbøberget. Kvifor gjorde dei det, om ikkje Nordmanns­slepa gjekk der? Til det er det berre eit svar: Vøring­sfossen. Hermoders reisefølge gikk i tillegg også ned Tymberløypet.

            Årstala for fjell­reise­ne deira fall mellom 1820-åra til seint i 1860-åra. Hansteen skulle eigenleg ikkje fara denne vegen i det heile. Han tok feil av vegen på eit tidleg tidspunkt. Han skulle eigenleg til Nordmanns­slågen og det Søre Nordmannsslepet, og så om Hadlaskard ned til Sørfjor­den. Då han vart klar over mistaket sitt, sa han:

 

            "Dog maa den sti vi fulgte, ligge lenger Nord, Thi Vi fikk ikke Normanns-Louven at se"

 

            Munch, på si side, visste mykje meir om fjellvega­ne:

           

            "... Tilbageveien bør man tage over Berastølen og Hjæl­mo, for at betragte de smukke Fosser i Hjælmedalen. Til Hjælmo eller Høl gaar ogsaa den mest befarede Hardan­ger-Fjeldvei fra Ubdal i Mumedal over Jøndalen, Vigelid­stø­len, Geitsjø, Thor­modflott, Holmetjærn- lægeret, Nybu­dalen, Drolstølen og Algar­din."

 

            Munch si rettleiing er detaljert og klår. Hovudfjellve­gen frå Eidfjord gjekk gjennom Hjølmodalen, over Tjukka­skog, Berastølsdalen, Hadlet, Fruo og Drolstø­len. Over Drolstølen gjekk også vegen frå Høl og Sysendalen.

 

            "... det ikke ubetydelige Fjeldet, Algardin, skiller dem ad,  og ved Foden af dette sees de ovenom­talte Morainer eller Spor af Gletcher. Opad Bergdalen forbi Berastølen og Algar­din, gaar Hoved Fjeldveien fra Hjælmo til Østlandet, og for­ener sig ved Drolstølen ved Veien fra Sysendalen..."

 

            Eit av fleire vitnemål på at folket i Sysendalen gjekk over Drolstølen når dei skulle austetter.

            Det finst synsmåtar som går ut på at den Store Nord­manns­  slepa har gått over Maurset. Dette finn eg usannsyn­leg. Det finst skriftleg kjeldemateriale som gjev døme på kor vanskeleg og nesten utilgjengeleg lende det var.

 

            "Fra Garen fortsættes til Maurset, den sidste gaard paa denne side af fjeldene. Her ophører ethvert spor af sti, og vej maa søges, hvor den bedst findes; kun hist og her skimter man den vej hvor kreaturene have taget"

 

            Det som er avmerkt på kartet som den Store Nordmannsslepa på strek­ninga Løkjafeti og ned mot Rinden er driftevegen frå Kross­dalen til Numedal. Både i Krossdalen og ved Våkå­vadet låg dei med store drifter. Mellom andre drog Sylfest Sæbø stort sett alltid med driftene sine derifrå.

            Frå Drolstølen gjekk vegen til Kross­dalen langsmed Drol­stølgjeli. Vadet som vart brukt, var Våkåvadet. Skulle ein frå Krossdalen mot Hallingdal, gjekk vegen om Gjero­botn (Gjerde­botn), Skifte­sjøheia (Skiftesjøhædi) og til Skulevi­ki. Derifrå og til Halne og vidare au­stetter. Yngvar Niel­sen skriv om denne vegen frå Skuleviki såleis:  

 

            "... man er nu paa Skiftesjøheien, med vid Udsigt til     Hardangerjøkelen og Hallingskarvet fra Ende til anden. Videre frem over mod de smaa Høider, Dyrenute­ne (tilv.) og Tverhaugen (tilh.); paa den sidste den store Persten med Varde ..."

 

            På ein skitur i mai 1985 fann eg Pers­steinen med varden sin på Skiftesjøhæ. Han står på høgd 1276 (den nordlega­ste) 1 km aust for innlaupet til Gjerobotn.


"…forlade Bjoreias dal og derimod fra vidda at stige ned til Eidfjords vand gjennom Hjelmodalen”

 

            I mange samanhenger vart det laga myter. Heller ikkje Måbø­dalen er spard for dette: Myten om at den Store Nord­manns­slepa gjekk opp trappene i Måbøberget. Det stemmer som tidlegare nemnt ikkje. De to viktigaste slepene frå Eid­fjord tok opp i Hjølmadalen og Sima­dalen. Medan Hjølmadalen var den avgjort mest nytta fjellvegen, var Sima­dalsveien truleg den eldste ferdsle­vegen til fjells frå Eid­fjord.

            Gjen­nom Hjøl­ma­dalen gjekk den Store Nordmannssle­pa. Her var hovudfjellvegen mell­om Aust­lan­det og Vest­landet. Det var her sta­van­gerbi­sko­pen fòr med fylgjet sitt, då han drog på visi­tas­ferd til Hal­lingdal og Valdr­es. Bispeferda gjekk både langs den Store og den Nordre Nordmannsslepa. Hal­lingdal og Valdres, og dessutan Eid­fjord, låg i tida 1126-1631 under Sta­vanger bispe­døm­me. Professor Daae forteller om Hjølma­dalen:

 

             "... de (føringsmennene) foretrakk derimod aldeles at forlade Bjoreias Dal og derimod fra (i stedet for Måbø­dalen) Vidda at stige ned til Eidfjords vand gjennom Hjelmodalen, der gaaer i S. O. op imod Høifjeldene, men som ved hiint Vand forener sig med Bjoreias Dal. De anføre nemlig, at den skal afgive en langt be­kvæmmere Skraaning til at naae Fjel­det"

 

            Inn til Bjorei­dalen gjekk den Store Nord­manns­slepet om Hjølmoadalen til Tjukkaskog. Derifrå om Berastø­ls­dalen, Had­let, Drol­støl, Hal­lingskeidet og fram til ein av vade­stadene i Bjoreia. Det var denne vegen førings­mennene brukte til og frå Hardan­gervid­da.

            I området ved Sæbødrolstølen, sør for denne stølen og    Drolstølbekken, i skråninga av Store Algarden ligg ein      tydeleg oppbygd "veg". Ein veg som stort sett er øyde­lagd.   Det er likevel tydeleg at der har vore gjort eit stort       arbeid. I eit handskrive manuskript får me atter ei stad­festi­ng på at vegen gjekk over Drolstølen. Forfattaren, som hadde vore kjentmann for overingeniør Lekve over fjellet, fortel om dette:

 

            "... Eg hugsar òg at han (Lekve) var oppglødd over den jamne  marka og det fine lendet som me gjekk framom frå Drol­stølen over til Numedal..."

           

            Ved Drolstølen har det truleg vore kvileplass for drif­tefe. Tre Drolstølar finst: Sæbø-, Hjølmo- og Tormods­drol­stølen.

            Namn frå Hjølmo og over til Sørebakken­/Rinden kan for­telja om ferdsle. Halvfjørdingsbekken kan tyda "bekken som me er komne til, når me er ein halv fjørding av­stad". Vidare finst Mid­morgenuten. Midmorge tyder "klokka seks om morgo­nen". Ei mogeleg tolking kan vera "nuten som me ser frå der og der på vegen klokka seks om morgonen". Helst er Midmorge namngjeve frå Tjukkaskog eller Berastø­l. Midmorge finst og på stølsve­gen frå Osa til Finse.

            Hallingskeidet finst her òg. At den velkjende staden Hal­ling­skeid ved Bergensbanen har tydinga "staden der hal­lingane samla seg til marknadsskeid" er det brei semje om. For dette var mar­knads­plass i eldre tider. Det var her dei møttes - aust­menn og vest­menn - til fredelig(?) kappestrid og handel. At det har vore slik her i Bjoreida­len òg, er mogeleg. Når det er tale om sleper i fjellet, er det naturleg for dei fleste å tenkja på Nordmannsslepa over Hardangervid­da - eller om du vil: Nordmenns (les vestmenn) ferd til aust­lan­det, både med driftefe og anna. Men austmenn òg har sett spor etter seg. Hallingskeid er et døme på det, og det finnes fleire av dei.

            Frå Hallingdal fører det fleire veger over til Lærdal. På ein av dei - fra Ål til Lærdal - finst det tredje Hallin­skeid. Det ligg heilt inst i Førdalen, omlag midtvegs mellom ­Djup og Borgund. Det fjerde ligg sør for Gravdals­nosi, rett føre nedstigningen til Gravadalen.      

            Langs heile vegen frå Hjølmo fram til Rinden er slepa synleg  og tydeleg. Her slapp dei òg alle farlege elve­over­gan­gar. Eg kan ikkje skjøna at nokon av fri vilje ville gå ut i den livsfaren det var å kryssa Bjoreio opptil tre gonger, og dessutan Leira éin gong, før bruer var komne. Særleg når ein utan vanske - seint på sumaren - meir eller mindre turrskodd, kunne vada over ved Våkåvadet, Sære­bakken eller Rinden. For ferdafolk som hadde med førar, var det ikkje vanskeleg å finna dei rette vadestadene. Men sjølvsagt hende det òg, at føraren sjølv måtte gje opp: 

 

            "... Utmattede af en overordentlig Hede naaede vi ende­ligen  Bjørøiseteren ved den brede og rivende Bjørøia, som kommer ned fra Sneefjeldene og har Udspring under Lægesbu og Sildebu-natterne. Uagtet vi vare stegne be­tyde­ligen nedad, var dog Fjeldet hist og her i store Stræk­ninger indhyldet i Vin­terdragt, og Kvæghjorderne maatte, for at komme fra den ene Græsplet til den anden, vade gjen­nom store Sneedyn­ger. Vi skulde nu sætte over Bjørøia paa Heste­ryggen, men da den stærke Sneesmelten havde gjort den meget bred og rivende, og da vaar gamle Hardan­gring, der ellers ikke var vant til at gjøre mange Betenkelig­heder, forsikre­de, at Overfarten var for­bunden med Livsfare, fandt vi det raadeligt at gjøre en Omvei af en Miils Læng­de..."

 

            "Bjørøia sæter" i Bjoreidalen kan anten vera den gamle Tråastølen (Trodastølen) ved Rinden, eller "Larsi­lundstø­len". Vadestaden som fylgjet var komne til er vadet ved Særebekken. Det er difor mest truleg at det er "Larsi­lund­stø­len" fortelleren tenkjer på. Va­desta­den ved Særebakken var den beste.

            Skulle ein til Halling­dal, var det vade­staden ved Sære­bak­ken som vart ­nytta. Skulle ein til Kongsberg - langs den Store Nord­manns­slepa - var det vadet ved Rinden (Nybu) som vart brukt, men her vart ved Særebakken brukt stundom - når elva var stor.     Her ved stølen Særebakken, hadde den Nordre Nordmanns­slepa utgangstaden sin. Herifrå skal me fylgja slepa fram til Halne.

            Nybunut er ikkje vanskeleg å få auga på. Opp mot nuten går slepa mellom Vikastølen og støen Nuten. På høgd med Nybunut får du auga på ein varde rett til venstre for deg. Det ligg òg eit lite vatn der. Ser du nøye etter, finn du kryssande spor. Det du no har fått auge på, er drifte­vegen fra Kross­dalen, som kryssar Nordre Nord­mannsslepa just her. Diverre har det vorte hevda - og innteikna på kart - at vegen frå Krossdalen er den Store Nordmannsslepa. Det er gale.

            På høgdedraget rett nord for Nybunut ligg ein stor varde - Hammers varde. Du bør ta turen opp dit. Når du kjem opp til han, har du Vesle Skiftesjøen framfor deg. Frå varden kan du langt borte - mot Skiftesjøen - skimta ein annan varde, det er Biskopsvarden. Frå Hammers varde går slepa på nordsida av Vesle Skiftesjøen, meir eller mindre i trasèen til riksveg 7, fram til Skifte­sjøen. Ho fylgjer så Skiftesjøen - også omlag i riks­vegtrasèen heilt ned til Skuleviki. Fleire stader på vegen kan du enno skimta spora etter slepa. Frå Skuleviki til Halne er det lett å finna kvar slepa gikk. I den store svingen ligg Skule­vikstølen. Rett attom stølen går slepa etter at ho har kryssa Skurde­vikåa. Vidare kan ein lett og greidt fylgja henne under Lågahæ - men hold høgden - elles så misser du sporet av slepa.


           

"Inderst i Hardanger-fiord ligger et lidet prestegield, heder Eidsfiord, och ligger til Stavangers stict"

 

            Bispevegen, d.e den vegen stavangerbiskopen fòr på visi­tasferd til Hallingdal og Valdres, har i dei senare åra vore omtala. Diverre har det i denne samanhengen òg vorte laga myter. Teorien som ligg til grunn for det er at det fører ein bispeveg om Karmøy til Røldal og derfra over Hardanger­vidda. Deretter går vegen til Tunhovdfjorden, for til slutt å føra ned til omlag midt på Krøderen. Denne teorien er ikkje rett.

            Kartet som trulig vart lagt til grunn for denne teorien - og som kjem frå stavan­gerbi­skopen Scavenius (1551 - 1626) - er "Kart over Stavan­ger, Bergen og Oslo bi­spedøm­me". Fyrste gongen kartet kom ut var i 1636. På dette kartet ligg ein særskilt merke til dei tydele­g avmerkte grense for bispedøma (stift). Grensene er i dette tilfelle både dei geistlige og admini­strative. I dette ligg truleg årsaka til teorien. Ein har rett og slett gått ut frå at grense­ne var vegen biskopen fòr. Og slik som grensene var av­merkte på kartet frå 1600-tallet, slik syner dei seg stort sett den dag i dag.

            Med bakgrunn i tilgjengeleg kildetilfang, er det underleg at bispevegen over Hardangervidda har vore forvanska så mykje som det er gjort i denne teorien om ein bispeveg over Karmøy, Røldal osb. osb.

            Det var i Eidfjord biskopen fekk skyssmannskap over fjel­let. Desse kunne biskopen skriva berre i sitt eige bi­spedøm­e. Av den grunn - og berre av den grunn - vart difor Eid­fjord førd over frå Bergen til Stavanger bispedøme omkring 1126, og lagd inn under Halling­dal prosti. I ei melding frå ein konge­leg kommi­sjon av 5.9.1636, kan det lesast at Eid­fjord var brukt "så som for førin­gskabs skyld, som su­perin­tenden­ten (les biskopen) af Stavanger stift kunde have udi Eid­fiords sogn, naar han reiste udi visitas til Halling­dal".

     På bispevegen til Hallingdal og Valdres var Eidfjord eit viktig punkt. Desse dalføra låg til Stavanger bispedø­me frå  omlag år 1125 til omlag år 1631. Frå Eidfjord var kor­tast veg over fjellet til Hallingdal og Valdr­es. Biskopen måtte ha lokalkjende skyss­folk, og dei kunne han ikkje skriva ut i andre bispedøme enn sitt eige. Etter­som ruta måtte leg­gjast Eidfjord - Hol, er dette den eina­ste grunnen til at Eidfjord vart lagt under Halling­dal prosti i Stavan­ger bi­spedø­me, Peder Clausson Friis (1545-1614) skriv:

  

            "... Innerst i Hardanger­fjord ligger et lidet Prestegi­eld, heder Eids­fjord, oc ligger til Stavan­gers Stict, oc er skifft dertil i fordums tid fra Bergen Stict, i en Sogn, kaldis Suedesogn, ligger norden for Karm­sund, paa det at Bispen i Stavanger kunde dis bedre faa Forder­skab offuer Fieldet, naar hand drager til Halling­dal at visi­tere..."

 

            Peder Clausson var sokneprest i Audne­dal og vart nemnd i 1608 som archidiaconus. Han tok over plassen i kapitlet etter   biskop Scave­nius. At kyr­kjesoknene på båe sider av fjel­let var sterkt knytte til kvarandre var naturleg. Eid­fjord høyrde då til Hallingdal prosti: Medan Hallingdal og Valdres i 1631 vart overførde frå Stavanger til Oslo, vart Eidfjord fyrst i 1636 overført til Bergen. Ein kan difor undra seg på om Eidfjord i tida 1631-1636 var under Oslo bispedøme. Den offisielle inn­stillinga som gjer greie for overfø­ringa lyder slik:        

           

            "Ved kongelig Reskript af 24 Febr. 1636 blev det nedsat en Commission for at tage forskielli­ge Sager under Over­veiel­se. Medlemmene vare .... Under 5 September 1636 afgav denne Commission sin Indstilling eller Be­stemmelse, hvoraf 5te Post er saalydende: Og for det sidste, belan­gende den permutation som respektive for­rige superintendant over Bergen Stift og itzige su­perintendant over Stavanger stift, salig doktor Niels Paasche og mester Thomas Cortsen, have begjæret at maatte ske, nemlig at Eidfjord udi Hardanger len, som nogen tid lang haver været under Stavan­ger stift, maatte komme under Bergenhus stift, og Svede under Stavan­ger stift, efterdi saaledes med samme skal have været brugeligt udi fordum tid..... saasom for føringsskabs skyld, som super intendanten af Stavan­ger stift kunde have udi Eidfjords­sogn, naar han reiste udi visitas til Hal­lingdal..."

 

            Som ein ser, er dette ei stadfesting på at Eidfjord låg under Stavanger nettopp for "føringskap" si skuld.  I sin "Norges beskrivelse" skriv Peder Clausson:

 

             "... at Eidfjord er i Fordum Tid skilt fra Bergen Stift, som fikk igjen Snedesogn (Sveen) paa det at Bispen i Stavanger kunde desbedre faa sit Forderskab, naar han drager til Hallingdal at visitere".

           

            Og eit anna vitnemål:

 

            "Til Stavangers Bispe­dømme hørte fra ældgammel Tid hallingdal og Valders og (da Biskopernes Visitasreiser til disse Ægne skede over Har­dan­ger) ogsaa det i dette landskab beliggende Eidfjord".

  

            Det var vanleg at biskopen ei tid før avreisa si sende eit visitasbrev til prestane i dei soknene han skulle visi­tera. Det var òg prestane som skulle "be­styre skydshe­ste". Til vanleg var det faste skyss­mann­skap, men biskopen sine eigne bønder kunne og vera med i skyssen. Og at prest­ane var med i skyssen, var vanleg. Det vart rekna for ei stor for­søming å ikkje møta biskopen ved skysskiftet.

 

            "... oc er det fra Stavanger oc indtil Eidfjords Gield 18 store Mile, de 6 i Nord-nordost til Sandeid; oc siden de 12 mod Ost-nordost, siden hafuer hand 14 Mile offuer Halne­field eller Hardan­gersfield til Halling­dal..­... oc ere der Boder paa Fieldet, som Folck kand blifue i om Natten, aff huilcke den ene kaldis Biscops­bod...." 

 

            Her er ikkje berre reise­skildringa fram til Eidfjord gjeven, men det er òg tydeleg å lesa at det er ruta til bi­skopen det gjeld. Det står i teksten at "siden haffuer hand" - altså biskopen - "14 Miile offuer Halnefi­eld".

            Sidan Peder Clausson Friis skildra Eidfjord og reiseru­ta til bi­skopen, har det vore ei rekkje perso­nar som har skrive at utgangsstaden for biskopen si ferd over fjellet var Eid­fjord. Namn som Ramus (1715), Wiel (1743), Pallu­dan (1744) og Schna­bel (1781) er blant dei kjende forfattarane. Frå tidleg på 1800-talet og opp mot vår tid kan nemnast namn som Krafft, Faye, Olafsen, Kvam, Kolltveit og Hohle. Alle er samde om at bispevegen over vidda hadde utgangsstaden sin i Eidfjord/S­imadal. Men det er ingen av dei som freistar på noko detaljskildring av vegen og kvar han låg.                

            Sentrale namn i deira skildring er "Hool", "Halne­fi­eld", "Hardangers=Field", "Biscops­bod", "Eidsfjord", "Bi­scop­svaare" og "Bi­skopsvarde". Dette gjev ein peikepinn om at hovudtrekka i bispevegen ikkje var ukjende for dei.

            Ramus skil­drar Eidfjord slik:

 

            "... Eids­fjord haver en Steen-kirke, som ligger Al­lerindst mod Østen, Laae fordum til Sta­vanger Stift, den tid Bispen af Stavanger skulde reise der igjenn­em til Hallingdal at visitere..."

 

            At biskopen fór gjennom Eidfjord på ferda si til Hal­ling­dal og Valdres har me skriftleg frå biskop Håkon den yngre i 1417:

 

             ".. Me Håkon med Guds nåde biskop av Sta­vanger helsar alle menn som byggjer og bur i Eidfjord kyrkjesokn i Hardan­ger med Guds nåde og vår, kunngjer her... unnateke våre Cathedra­tio og helge­dags­spann som me så ofte kunne trenga, sjølve når me fer framom her".

           

            Saka som dette diplomet omhandlar er tiende­skatten og    "Biskopslu­ten", d.e. den fjerdedelen som biskopen skulle ha. Me kan ikkje gå nærare i detaljar inn på det, med det    viktigaste i vår samanheng er at diplo­met gjev ein histo­risk dokumentasjon på at biskopen reiser gjennom Eidfjord. 7 år etter kvit­terer biskopen for 6 års bortpakting av bi­skops­ inntekte­ne.


 "Den boe som bemeldte Jon Ramie melder om ved naffn Biskopsboden findes ikke"

 

            På 1600-talet finst nokre kart som kan gje opplysningar om kvar vegen gjekk over fjel­let. M.a. viser dei geist­lige og admini­strative grensene mellom Oslo, Stavanger og Bergen  bispedøme. Dette er også noko me kan lesa av titte­len på eitt av dei. Kartet som me har sta­vangerbi­skopen Scave­nius å takka for, gjev også ei anna opplysing; Ved innlaupet til  Hardan­ger­fjorden; "Hic incipit iter per Dioce­sim Bergens­sem  in Hallingdaliam et Valdresiam,"  d.e.: her byrjar vegen     gjennom Bjørgvin bispedøme til Halling­dal og Valdres.

            "Vegen" gjennom Bjørgvin bispedøme var med båt til Eid­fjo­rd. På det same kartet er det òg noko anna som er viktig for å forstå bispevegen; "Biscopvaare ved Grøna samt Hal­ning­boe".

            To andre kart frå 1600-talet har mykje den same teksten som det fyrstenemnde. På eitt av dei kan me faktisk lesa oss til kvafor elvar biskopen kryssa på ferda si over Hardan­ger­vidda. Omsett lyder teksten:

 

            "Her går det ei nokså van­skeleg rute gjennom Hardanger, der ein må over det veldige fjellet som er 10 mil langt, og dessutan tre farle­ge elvar til den nordlege delen av Stavan­ger bispedøme, d.e. Hal­lin­gdal og Valdres".

 

             Det er ingen tvil om at desse elvane er Bjoreia, Krekja og Grøna. På eit anna kart frå 1600-talet finst "Biore Elf", "Krecken Elf" og ”Gron Elf”. 

            Som tidlegare vist nemner Peder Claus­son Friis "Biscop­bod".  Dette gjer òg Jonas Ramus i 1715, medan sorenskrivar Christian Paludan skriv: "Den Boe som bemeldte Jone Ramie melder om (i sin Norges Beskrivelse)at skulle staa midt paa Fieldet, ved Nafn Biskops Boden findes ikke, men det staar endu en Varde af Steen oprettet, der kaldes Biskopsvarde, og gaar udi Aals Gield endnu det Sagn at naar Biskopen reiste fra Stavanger til Aal, hvilede han ved samme Varde".

            Inter­essant er det at både Wiel og Palludan nemner Bi­skops­- varden. At Palludan er usamd med Ramus, og difor med Peder Clausson òg, får så vera. Kva desse "boder" no måtte heita, skal eg ikkje ta opp til drøfting her.                        Avstanden frå Eidfjord til Hol er så stor at bi­skops­fylgjet må ha overnatta på vegen. Særleg mange mogelege stader for over­natting var det ikkje den tida. Etter alt å døma var det berre Halne og så bua ved Ørteren som kom på tale, for berre dei var så store og gode at ein biskop kunne bydast overnatting i dei. Kva for ei av dei to som fortener namnet "Biskops­bua" er uråd å vita. Men kan­skje er det "Hallningboe" som er "Biskops­boe"?  

            "Biscopsvaare" er eit namn som finst på kart frå 1600-talet.  Fleire kjelder finst òg, for at vardar med liknande namn var knytte til biskopen. Særleg fanst dei på sta­der, der det var skysskifte.

                   

            "Der fore vi offuer i vester 1 1/2 fiering til en anden vaare kallis Bi­skops vaaren. Der pleier Sognepresten vdj Tind møde Bi­skopen med Hester. Men der vi komme vaar huer­ken her Hans vdj Tind eller nogen Hester kommen derfra".

 

            Det finst òg andre prov for at desse biskopsvardane er knytte til biskopen.  

            "Omli Kircke og Prestegaard ligger 5 Mille mod nord­vest fraa  Gierrestad och der drager mand offuer dette field Katter aas, der ligger een stour Steen mitt paa fieldet, som mand icke kunde velte affsted, oc en mand kand roche denn, thi den staar paa en nebe eller Næbe, den kaldes Biskops steen, fordj der møder de med fuordningskap mit paa fieldet, naar Bispen drager der offuer; och er ligesom een stoell paa den ene Ende i samme Steen, som bispen kand side paa, om hand vill huile".

 

            Peder Clausson Friis som skriv dette, var truleg kjend med Jens Nilsson. Båe to var tilstades ved eit møte om den såkal­la tienda i Skien i 1576. Jens Nilsson har truleg vore kjelda for deler av Peder Clausson Friis si "Norges Be­skri­vel­se". Med dei store kunnskapane som Jens Nilsson rådde over, om norsk topo­grafi, ville det beint fram vera underleg om Friis ikkje hadde gjort bruk av han.

            Kor ofte stavangerbispane drog over Hardanger­vidda, og kor mange av dei som tok ut på desse ferde­ne, er det van­skeleg å ha noko meining om. Truleg er det fleire enn dei som her er nemnde. Om bøndene hadde skyssplikt, så hadde biskopen visi­tas­plikt.

 

            "... Biskopen skal komme i hvert fylke paa hver 12 maa­neder uten lovligt forfald, og yde folk tjeneste. Og bønder skal gjøre biskopen skyss, hver hest, som sadel og grime er kommen paa, hvor som helst biskopen vil fa­re..­.".


 

"På Stavanes stod de og ventet på biskopsbåten"

 

            I fantasien skal me no flytta oss nesten 375 år attende i tida.

 

   "Ein tidleg morgon i august 1615 kom biskopsbåten siglande inn mot Eidfjord. Ombord var biskop Lauren­tius Scave­nius; biskop i Stavanger bispedøme. Han var på visitas­ferd til dei ytste bygdene i bispedømet sitt: Hal­lingdal og Valdres.

            Det var fyrste visitasen hans til desse bygdene. Biskop Scavenius skulle også bli den siste biskop som dro bispe­veien over Hardangervidda. Han hadde knapt noko meining om kva som venta han over fjel­let. Av Peder Clausson, sokne­presten i Uvdal, hadde han fått opp­lys­ningar om nokre elvar han laut gå over. Peder Claus­son på si side hadde trolig fått opp­lysninga­ne av barnebarnet sitt, Erik Fre­driksson Linland, som hadde vore i Slidre i Valdres i 1612.

            Ei lita flokk sto ytst på Stavanes og såg båten koma. Bortsett frå dei, var dei andre av ibuarne samla på Vik. Ikkje alle sjøvsagt, men dei fles­te

            Det var flokken på Stavanes som fyrst fekk auga på båten, der han kom for fulle segl vest for Erdal. Ein ryttar drog derifrå i all hast med bod til Otte Torsteinsson, presten i Eidfjord, som heldt på med dei siste forebuingane til bispevi­sitasen som var i kjømda. Bodet til sognepresten var stutt: Biskopsbåten stemner snart inn Hæreidsjøen. Ryttaren fann presten i kyrkja. Otte skulle til å telja opp innbuet i kyrkja. Dette var etter krav av biskop Scavenius. Han var nett ferdig med å skriva opp innbuet på Lægreid prestegard. Fort gjort var det for ­så vidt, for det einaste innbuet var i røykstova: eitt bord, benker og ei seng.

            Det var på Vik biskopsbåten skulle leggja til lands. Her var det at Otte - saman med nokre av skyssmann­skapa - skulle møte biskop Scavenius til sok­negrensa. Resten av biskopens følge venta i øvre Eidfjord.

            Ei tid før Scavenius drog på visitasferden, sende han særskilde brevbærarar med bod om dette. Ein av dei var komen til Eidfjord for fleire veker sidan. Herr Otte sende straks ein ny bodbærar over fjellet til sognepresten i Nes i Hallingdal - herr Truge - med bod om dette.

            Fjellferda som biskopen no skulle ta ut på, byrja alltid fra Eidfjord. Her var det kortast veg over fjel­let til Hallingdal. Her var det òg at biskopen fikk skyss­mannskap. Dei fleste av dei var no samla i Øvre Eidfjord.

            Dagen før hadde eit anna fylgje stått utanfor Hol kyr­kje, som var fyrste annekskyrkja i Ål. Dette fylgjet òg skulle til fjells. Etter at soknepresten i Ål, Truge Mik­kelsson, hadde gjeve sine rettleiingar, drog fylgjet av­garde. Dei skulle ta strake vegen mot Budalen. Derifrå til Prestholt, Haugastølen og fram til Halne, der dei skulle overnatta. Presten sjølv skulle ikkje dra til fjells før om to dagar. Uvanleg var det, for det var plikta til presten å møta ved skysskiftet.

            Dagen etter var alt klårt for fjellferda. Biskop Scavenius hadde kvittert i kyrkjebøkene og elles fått den meldinga han trong. Elles hadde han hatt ein alvorleg samtale med herr Otte, som han trong hjelp av for å løysa ein van­skeleg knute i Hallingdal. Eit vandemål som snart skulle få løysin­ga si.

            Årmannen hadde saman med presten plan­lagt og skipa fjel­lfer­da. No gav han signal til at ferda skulle setja i gang. Han hadde òg til oppgåve å ta i vare biskopen sine inntek­ter i sokna, og dessutan å avgjera alle geistlege saker. Hans opp­gåve var òg å "oppebære Sagefaldet", d.e. å krevja inn bøtene. Som den forlengde armen til biskopen hadde han stor makt

            I Øvre Eidfjord venta dei av bygdefolket som skulle skyssa han til soknegrensa. Der venta òg nokre teolo­gistu­denter som hadde vore med biskopen frå Stavanger. Det var gjerne nokre som biskopen hadde et særleg auga med. Ofte var studentane skrivarar og referentar frå ferda.

            Fylgjet gjekk i langsam gang opp Hjølmoberget. For bi­skopen var dette ei uvanleg ferd; han var no i sitt 54. år. For bygdefolket var dette noko daglegdags. Dei gjekk lett og utan noko strev. Vegen gjekk framover Tjukkaskog, Be­rastøls­dalen, Hadlet, over Fruo og ned til Drolstølen. Ved Drol­stølen var det kvilestad til vanleg.

            Biskopen var forundra over dei fint oppmura trappene som såg her og der. Særleg ned mot Drolstølen var det gjort stort arbeid. Den gongen Scavenius fòr framom Drol­stølen var det ikkje støler der. Dei vart ikkje bygde før bortimot hundre år frem seinare. Vegen - eller rettere stigen - var hovudfjellvegen mellom aust og vest, og skulle eit par hundre år seinere få namnet den Store Nord­mannsslepa.        

            Endå om biskopen var sliten, la han merke til alt krin­gom  seg. Frå prestane sine i bispedømmet hadde han fått ei mengd opplys­ningar, og dei skulle han bruka til å laga eit kart over bispedømet sitt. På vegen til skysskif­tet dis­kuterte han einskildting med Otte Torsteinsson.

            På høgre sida til Scavenius låg Store Algarden. Over den gjekk det òg ein veg. Då kom ein ned i skardet som ligg mellom Algarden og Fagernut.

            Ved Halne var det liv og røre. Fylgjet frå Hallingdal hadde overnatta der. No gjorde dei seg ferdige til å dra vidare mot Skiftesjøen.  

            Samstundes hadde biskopen og fylgjet hans gått framom Hallingskeidet, og dei hadde vada over Bjoreio ved Særebakken. Bøndene var i ulune. Dei var ikkje oppglødde for skyssplikta i det heile, og skodda som hadde kome sigan­de,   gjorde ikkje humøret betre. No laut dei venta til skodda letta såpass at dei fekk auga på varden oppe på høgda like   nord for Nybunut. Der dei no var, var det ope lende og lett å ta feil veg. I eit glimt kom varden til syne. Ein kjempe­stor varde var det. Han var over to meter høg, og eit livs­viktig haldepunkt.

            Vel oppe ved varden hadde dei vesle Skif­tesjøen like fram­for seg. Der pusta dei ut og kjende seg lette. Skyss­plikta til Eidfjord­bøndene var snart over. På høgda rett føre Skifte­sjøen, på vasskilet mellom aust og vest, dukka det opp to store vardar. Dei var komne fram til grensa mellom Halling­dal og Har­danger. Her var det dei skifte skyss­mannskap. På folke­munne vart staden kalla Biskopsvar­den. Det var den stør­ste av vardane som var oppsette for å visa veg over fjellet. 

            Skyssmannskapa frå Hallingdal som nyst var komne fram, hadde hatt vanskar. Dei òg fekk hjelp av ein varde. Det var varden i Skuleviki. Frå den var det lett å ta seg opp langs elven fra Skiftesjøen, siden langs stranda på den og fram til skysskiftet. I brodden for fylgjet reid kapel­lan Laurit­z. Lite ante han om sin snarlige forfrem­melse til prest i Eidfjord.

            Det vart ikkje lang kvild for hallingane. Biskopen var utolmodig. Han sat og fingra med spennet på bibelen sin. Det hang ikkje skikkeleg fast, men det tydde lite no, han ville i hus før myrkret kom, og det var ikkje mange brukan­de over­nattingsstader for ein biskop. Han vona at dei skulle nå   fram til bua ved Ørteren. Bua ved Halne var sjølvsagt eit anna mogeleg val, men biskopen lika dette lite. Han hadde lese om bua ved Halne i visitas­meldin­gane til føremennene sine, og inntrykket han hadde fått av henne, var ikkje særleg  godt. Endå om ho var nyttande i nauda, var den mykje større bua ved Ørteren den vanlege overnattingsstaden for biskopen.

            På same tida som fylgjet på Hardangervidda fór framet­ter mot Halne, førebud­de herr Truge seg på morgondagen. Han skulle syta for friske hestar til biskopen og fylgjet hans. Sjølv skulle han til Prest­holt, for der å møte biskopen. Møtet med biskopen var Truge mykje spent på. Han hadde lenge stått på dårleg fot med kapellanen sin, Laurit­z. Dette hadde han sendt melding til biskopen sin om.

            Same morgonen hadde presten Truge og fylgjet hans fare til fjells. Med seg hadde dei friske hestar. Ved Prest­holt hadde Truge stansa.

            Stor skam var det at Truge ikke drog heilt til bispevar­den ved Skiftesjøen. Han fekk orsaka seg med at forebuingene til visistasen hadde teke lenger tid enn plan­lagt.

            Det vart langt på dag før fylgjet braut opp frå biskop­svar­den, med kurs for Halne, det felægret som er så vidgjete i ettertida. Framom varden i Skulevika gjekk ferda opp på høgda mot Halne. Der snudde biskopen seg og såg tilbake. På ei høgd i sør såg Scave­nius ein varde. Det var varden på Stein­bunut.

            Tidleg neste morgon drog biskopen og fylgjet hans ut frå bua ved Halne, der dei var komne seint om kvelden dagen før. Det bar austetter. Oppe ved høgda litt framom Knutsen­stølen, ved vatnet der, gjekk dei atter framom ein stor varde, som ikkje var ulik dei andre me har nemnt. Denne varden markerte vegaskilet mellom vegen over Ørteren og vegen over Halnetungen: den Nordre Nordmannsslepet. Derifrå som dei stod, kunne dei sjå vardane i Nordmannsslepa langsetter hal­let.

            Været byrja og tjukna til. Difor valde dei vegen over Ør­teren. Det var ikkje vanskeleg å avgjerde leida. Framføre seg såg dei Øklanuten. Heilt i søraustenden av han var det ein varde att. Denne skulle dei ikkje gå opp til. Dei skulle halde seg rett under den, venda mot aust og så ved Læg­reidvatnet - det som Grøna rann ut i - halda vestsida bort til vade­staden mellom Lægreidvatnet og Ørteren. Dei var heilt i nær­leiken av Ørterbua, der dei skulle kvila ut. Ei fjell­ferd var snart til ende ..."


"Herr Otthe Torstenssøn, som var sogneprest nord ved Hardanger  i Eidsfjord"

 

            Slik, omlag, kan ferda ha gått. Me kan berre fantasera om  det. Dei omtala personane er dei historiske. Likeeins tilhøvet mellom presten Truge og kapellanen hans. Og avta­len som vart gjord mellom biskop Scavenius og Otte i Eid­fjord, førde til at Otte vart kapellan i Ål, medan Lauritz vart prest i Eidfjord.

 

            ".. Hr Truge har været en urolig Mand, og ikke af nogen   synderlig Lærdom; thi da Superintendanten eller Biskoppen af Stavanger, Mag. Lauritz Skaboe (Scavenius er hans latin­ske Navn) visiterede i Aals Præstegjeld, finder jeg, at der var reist sig saadan Trætte i mellem ham og hans Capel­lan,   Hr. Lauritz, at Biskoppen paa denne Maade maatte skille dem  ad. Han formaaede Hr. Otthe Torstenssøn, som var Sogne­præst  Nord ved Hardanger i Eidsfjord, at bytte med Hr. Truges capel­lan, hvorved Tretten blev ophævet".                   

 

            Hr. Lauritz ble vart så prest i Eidfjord frå 1615 til 1656. Han tok namnet Laurentius.

            Bua ved Ørteren - det var to slike - er det ikkje mange som har sett. Då Ørteren vart oppdemd ved elektrisitets- utbyggin­ga kom buene til å verta ståande under vatn. Dei var ikkje små bygningar, hhv. 40 og 20 kvadratmeter. Ein slik spenne som biskop Scavenius fingra med - vart funne her. Ein skildring av den i Oldsakssamlingen er slik: " Rektangulært bronsebeslag, bøygd i den eine enden. Mellom dei to delene sit ein lærrest, omlag 2mm tjukk, fest med ein nagle. Eit naglehol ved den enkle enden og eit gjennomgåande naglehol heilt ut mot hempa, som er smalare enn beslaget".

            Etter ein samtale med Petter Molaug ved Universitetets Oldsakesamling i Oslo er eg vorten vissare på at det kan (eg vil understreka kan ha vore eit bokbeslag eller eit spenne. Og i fantasien kan ein leika med tanken på kven det var som miste det. Eg skal ope vedgå at det er berre ei gissing, at eg trur det var biskop Scavenius, men kven veit?

            Talet på skysshestar som bisko­pen - etter Gulatingloven - hadde krav på, var ulikt. For, som lova sier: "Om bi­skopen kjem opp på land frå skipet sitt og skal vigsla kyrkjer eller gjera folk anna teneste, anten han dreg langt eller kort, då skal bøndene skaffa han 18 hester, men 30 hester om han skal vigsla hovudkyrkja. Men om dei ikkje vil skaffa skysshe­stane, då skal dei svara 3 daler".

            Den gongen biskop Scavenius for framom Drolstølen, var det ikkje støler der. Dei kom hundre år etter. Frå desse støleane var det stor aktivitet i tida då drifteferdsla stod på. Herifrå gjekk stiger langs Drol­stølsgili til to av stadene som hadde viktig til­knytning til drif­tehandelen: Våkåvadet og Krossdalen.

            Opplys­ningene biskop Scavenius samla vart grunnlaget for fleire av kartteiknarene på 1600-talet. Kartet frå 1600-talet er uventa rike på detaljer den vegen som biskopen reiste. Eit av dei ber ei la­tinsk påskrift som omsett lyder:  "her går det ei heller vanskeleg rute gjennom Hardanger, der ein må over det veldige fjellet som er 10 mil, og dessutan over 3 elver til den nordlege delen av Stavanger bispedøme, Hallingdal og Valdre­s". På kartet kjenn me att namna på desse tre elvane: "Biore Elf", "Krecken Elf" og "Gron Elf". I dag heiter dei Bjoreia, Krekja og Grøna.

            Tradisj­onen om at biskopen kvilde ved biskopsvarden finst i "offisiel­le" kjelder fra 1700-talet. Slik som no var det også den gongen svært viktig at vardar vart opp­sette. Som tidligere nemnt, skriv futen Wiel i 1743 at der var "varder af Steen, hvor­iblandt den stør­ste, som staar midt paa Fjeldet, kaldis Bi­skops-Var­den, og tiener de Rej­sende til Vej­viis­ning".

            Biskopsgjestinger er kjende frå kristenretten i dei gamle landskapslovene og andre kjelder frå mellomalderen. Frå 1300-talet er det kjent ei oppskrift frå ei ferd bergensbi­skopen hadde gjennom Firdafylka og Sogn. I Sogn måtte det skaffas tilveges 48 tunner øl, 60 skippund munngåt, 3 tunner vin, 12 skippund brød, dessutan smør og ann kost som trengst.

            Varden i Skuleviki markerte vegskilet der vegen over Skifte­sjøheien, Gjerobotn til Krossdalen tok av. Den gongen  biskopen fòr, vart vegen truleg bruka bare ein hende gong. Det var nok trygjast å fylgja hovudslepa. På 1800-talet derimot vart han en mykje nytta veg, skildra i detal­j i reiseskildringar.

            Halnelægeret, som er så kjent i ettertida, var opphaveleg to veidemannsbuer. Den gongen biskopen drog der, var dei truleg nybygde. Om dette lægret er den vidgjetne "Bi­scops­bod" - som det vart tala om på 1600- og 1700-talet - er uvisst. Det var usemje om biskopsbuene var til eller ikkje på den tida. Soren­skrivar Pal­ludan skri­v i 1743 "at den Boe som Jone Ramie (Jonas Ramus, 1715) melder om skulle staae midt paa Fieldet findes ikke, men det staar endnu en Varde af Steen oprettet, der kaldis Bi­skopsvarde, og gaar udi Aals gield endnu det Sagn, at naar Biskopen reiste fra Stavanger til Aal, hvilede han ved samme Varde".

            Namnet Skif­tesjøen kan sjølvsagt tol­kast på fleire må­tar. Ein kan sjå det i samanheng med deling, utskifting m.m. Men skifte kan og sjåast i ei anna tyding:

 

"... et Skifte­sted, en Sta­tion paa en Landevei" (koma fram til skiftet - stadna på Skiftom). Ei anna og særs forvitneleg tol­king kan vera at Skifte­sjøen kan vera avleidd av Skotskifte. "Skots­ki­pti ... Ombyt­ning af Skyds­heste, reidskotaskipti, færa han (Bi­skupin) i rett".

 

            Min teori er at det var ved høgd 1268 at skyssskifte vart gjort. Så ei tolking av namnet Skifte­sjøen kan vera: "Sjøen der (heste-)skiftet vart gjort­". Sann­synleg var det fordi grensa mellom aust­menn og vest­menn gjekk her.


 

"Men det staar endnu en varde af steen opprettet, der kaldis Biskopsvarde" 

 

            Biskopsvarden finst på kart frå 1700-talet. På kartet som  generalvegmeister Hammer laga over Kris­tiansand bi­spedø­me, finn me "Bi­scops Warde", og mellom den og Eidfjord står av­merkt endå ein "War­de". Den sistnemn­de varden har eg gjeve namnet "Ham­mers varde".

            Hvordan disse to vardene ble funnet har sin egen histo­rie. Og la meg ta sistnevnte først. Sumaren 1985 hadde eg under­søkt om­rådet ved Skifte­sjøen, nærare sagt frå austen­den av vatnet opp til Stein­bunut bort til Lars­bunut og ned mot Trå­astø­len. Bakgrun­nen for å leita etter varden i dette om­rådet var ikkje berre éin ting. Men lei­tinga gav ikkje noko svar. Eg vart overtydd om at varden ikkje kunne ha stått der. Like overtydd var eg om at han må ha funnest. Truleg hadde han vore ein heller stor varde òg.

            Dagen etter den fåfengde leitinga var eg på veg frå Dyranut til Særebakken, og der, i nedste kanten på vest­sida av høgd 1265, rett nord for Nybunut, fann eg varden eg leita etter. Sjølvsagt var det berre ruiner att av han, men det som var der, bar tydeleg merke av at det må ha vore ein stor varde som synte godt i landskapet i si tid. Ruinene av varden hadde eit tverrmål på omlag 2 m. Kor høg han hadde vore, var uråd å seia visst.

            Varden ved Nubunut var ikke bare viktig for dem som reiste på den Nordre Nordmannsslepa. Den var også viktig for dem som på 1700 og 1800 tallet reiste drifte­veien mellom Kross­dalen og Numedalen.

            "Biscops Warde" skulle eg der­imot få mykje meir bry og vanskar med. Etter kartet å døma skulle han vera rett aust for Grøna. Området der og mot Ørterdalen vart saumfare ikkje berre ein, men fleire gonger. Vardar var det nok av, og mange av dei var rett interessante, men dei hadde ikkje ein slik alder og storleik som eg ynskte å finna. Etter kjeldene skulle det vera den største varden over fjel­let, altså måtte han vera større enn Hammers Varde.

            No byrja tvilen å melda seg. Hadde varden så allikevel ikke eksistert?

            Tvilen eg bar på, gjorde at heile området langs "min      bispeveg" frå Ørteren og attende til Halne vart gran­ska. For å vera trygg, tok eg òg med området ved Olavs­buheia og mot Krekja. Då leitinga her var utan resultat, kom eg lenger og lenger vest. Tilslutt hamna eg i Skuleviki på leiteferda mi. Der fann eg rett nok ein varde - som skulle verta med og fastleggja varderekkja over fjellet - men det var ikkje Bi­skopsvar­den. Og her i Skuleviki måtte eg innsjå at eg var på villspor. Noko var gale.  Varden måtte då ha fun­nest. Det var eg viss på. Nokre ord frå Palludan rann gjennom tanken:

 

            "... men det staar endnu en Varde af Steen opret­tet, den   kaldes Biskopsvarde, og gaar udi Aals gield endnu det Sagn, at naar biskopen reiste ifra Stavanger til Aal, hvile­de han ved samme Varde..."

 

            Øivin Bakke og eg har hatt eit særs godt samarbeid m.a. om Biskopsvar­den. Utan tal er dei teoriane me har hatt. Teo­riar som etter nærare gransking har vorte vraka. Til slutt følte Bakke seg overtydd om at varden trolig måtte vera plassert gale på "kar­tet". Denne tanken streifa meg òg, der eg stod i Skulevi­ki.

            Det skulle verta eit sitat frå ei reise­skildri­ng, saman­med tolkin­ga av namnet Skiftesjøen, som gav løys­in­ga på flo­ken:

 

            "... Vi naaede ud paa Efter­middagen det høie­ste Punkt af  Fieldet. her vare opreiste to høie Steenvarder. En liden Søe, kaldet Skiftesøen, havde her dannet sig... Neppe vare vi forbi Søen førend vi saae Bækkenes mod Vest be­gyndende Løb...".

 

            Vardane ved Skiftesjøen (høgd 1268) vart funne av Ø. Bakke summaren 1985, på bakgrunn av det som er sitert ovan­for. Men me hadde ikkje då nokon annan tanke om vardane enn at dei representerte soknegrensa mellom Hal­lingdal og Har­danger. Slik tenkte me med grunnlag i min teori om at skys­skiftet må ha vore her. Og sok­negrensa låg vel på den tida ikkje ved Halne, men ved Skiftesjøen, der også vasskilet mellom aust og vest går. Eit meir mar­kert vasskil skal ein no òg leita lenge etter.

            Prof. Hansteen - som kaller vardene over fjellet for "Trøstende Veiledere" - har dette og si om dem:

 

            Disse Varder ere paa denne Vandring det eneste spor af Mennesker, og naar man i nogen Tid ingen saadanne Mærkestener har seet, saa tilintetgjør den neste (varde) man opdager den opvaagnende ægnstlighed ved det trøstelige Tilsagn: Du er endnu paa den rette Vei"

(Publisert i 1993 med støtte fra Eidfjord kommune. Ettertrykk forbudt uten kildehengivelse)